Holsen

Haust frå Husetuft - Klikk for stort bilete Atle Holsen Det om lag 7 km lange Holsavatnet (131 m o.h.) strekkjer seg aust-vest gjennom bygda, og fjella stig bratt opp både i sør og nord.

På nordsida av vatnet rekna frå aust mot vest ligg gardane Holsen, Fleten, Høgset og Viskedal, og på sørsida Husetuft og Nydal.

RV 13, framtidig nasjonal turistveg, går gjennom bygda, og Rørvikfjellet er skilje mellom Holsen og Haukedalen. 

Aust i bygda ligg Holsen kyrkje (1861) vakkert til ved vatnet og utløpet av elva Norddøla, og på motsett side av riksvegen ligg Holsen skule og barnehage (1956/1988).

 

Tydinga av namnet Holsen er uviss. Siste leddet, opphavleg "sær", er det same som sjø. Førsteleddet kan skrive seg frå "hollr", og tyde velvillig, gunstig. Enten skulle då vatnet vere spesielt gunstig, eller "hollr" skriv seg frå høgare/overnaturlege makters vern. Eller så kjem førsteleddet av "holt" i tydinga lund. Sjølv om her er lite skog å sjå i vår tid, veit vi at området på inste Holsen var skogdekka tidlegare (Førde bygdebok).


Bygda opplever no tilflytting/busetjing og auka barnetal, og fleire er i etableringsfasen i bustadfeltet Vettreiene lengst vest i bygda. Sjå lag og organisasjonar for å finne lokale foreningar på Holsen.  


Flotte bilete frå bygda Holsen:

 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar