Fakta om Førde

Midt i Sogn og Fjordane ligg byen Førde. Kommunen utgjer eit område på 590 km2 og her bur 13 009 personar (1. januar 2017).

 

Då Førde kommune passerte 10.000 inbyggjarar i byrjinga av 1997, vedtok kommunestyret bystatus 19. februar 1997. Etter dette har vi hatt bystyre i Førde, og Ringbussen skifta på same tid namn til Bybussen. 

Klikk på bilete nedanfor og du får opp brosjyre om Førde:

 

Brosjyre laga av Rein Design

Foto: Førde kommune/Oskar Andersen, Atle Holsen, Helse Førde/Finn Ove Njøsen


Utskriftsvennleg versjon av Førdebrosjyre 2013  (PDF, 7 MB)

Førde kommune

Kommunesenteret heiter også Førde og her bur omlag 75 % av innbyggjarane i kommunen. Grendene elles i kommunen er Angedalen, Haukedalen, Sunde, ErdalenSolheimsdalen og Holsen
 

Folketal

Førde er den mest folkerike kommunen i fylket, og har hatt ein jamn folkevekst dei siste åra.

Areal

Førde kommune er 590 km2 i areal og høgaste punktet er Grovabreen, 1636 meter over havet.
 

Næringsliv

Bygdebyen er eit moderne handels- og servicesenter med eit variert og rikt næringsliv.

Dei store næringane er handel og hotell samt offentleg og privat tenesteyting. Også industri, transport, post, tele, bank, forsikring, landbruk, bygg og anlegg har stor sysselsetting. Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane er den største arbeidsplassen i Førde.

Førde er Noregsmeister i handel. Byen har butikkar som dekkjer eit handelsområde som er 5 gonger større enn kommunen, og talet på sysselsette i varehandelen har auka kraftig. Den moderne handelsbyen tok til å utvikle seg etter 1960.

Førdefestivalen vert arrangert kvart år i første halvdel av juli. Den er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge. 
 

Les meir om Førde

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 04.04.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering