Leiargruppa til Sunnfjord kommune er klar

Klikk for stort bilete

Foto: Frå venstre Kristine Steindal, Ole John Østenstad, Åge Stafsnes og Lise Mari Haugen. Hilde Bjørkum var forhindra til å møte.
 

Dei tre siste leiarstillingane i kommunedirektøren si leiargruppe i Sunnfjord kommune er no på plass. Åge Stafsnes vert tilsett som kommunalsjef for skule, Kristine Steindal kommunalsjef for barnehage og Hilde Bjørkum kommunalsjef for kultur og idrett. 

Kommunalsjef for skule

Åge Stafsnes (55) har lang erfaring som skuleleiar og er i dag rektor ved Halbrend skule i Førde, men har også vore rektor ved Flatene skule og Karstad skule. Han har også erfaring som hovudtillitsvald og har hatt sentrale verv i tidlegare Lærarforbundet. 

Kommunalsjef for barnehage

Kristine Steindal (45) arbeider i dag som utviklingskoordinator (skule- og barnehageutvikling) i eininga fagutvikling og koordinering i Førde kommune. Ho har også erfaring som styrar frå to ulike barnehagar i Førde. Ho har mastergrad i organisasjon og leiing med spesialisering i utdanningsleiing.

Kommunalsjef for kultur og idrett

Hilde Bjørkum (60) er mest kjent som direktør for Førdefestivalen i ei årrekke, men ho er også ein habil folkemusikar og folkedansar med fleire utmerkingar. Hilde Bjørkum har ei rekke verv både nasjonalt og internasjonalt innan kulturområdet.

Komplett leiargruppe 

Leiargruppa i Sunnfjord kommune har 6 kommunalsjefar. I tillegg til dei tre som no er tilsette, er Kurt Even Andersen tidlegare tilsett som kommunalsjef for helse og sosial, Kirstin Bruland kommunalsjef for omsorg og Øyvind Bang-Olsen kommunalsjef for teknisk og miljø.  I leiargruppa sit også Jan Birger Moe som personalsjef, Lise Mari Haugen som assisterande kommunedirektør og Ole John Østenstad som kommunedirektør.
 

>> Følg prosessen mot ny kommune på prosjektsunnfjord.no

Snarvegar