Resultat på brukarundersøkingar 2017

Klikk for stort bilete

Det er viktig for oss å sjekke kor tilfreds du er med våre tenester. Vi gjennomfører difor brukarundersøkingar med jamne mellomrom. I 2017 gjennomførte vi brukarundersøkingar innan barnevern, byggesak og fysio- og ergoterapi. 
 

Alle undersøkingane er gjennomført via bedrekommune.no

Barnevern

Foreldre/føresette som har frivillige tiltak gjennom barnevernet (§ 4-4) har blitt spurt om korleis dei opplever tenestene. Vi sende ut spørjeskjema til 22 personar, 16 av desse har svart. Dette gir ein svarprosent på 73 %. Undersøkinga er gjennomført via telefonintervju. 

Vi har tidlegare gjennomført undersøkinga i 2005, 2009, 2012 og 2015. Brukarane svarar på ein skala frå 1 til 6, der 6 er best. 

Resultat 2005, 2012, 2015 og 2017
Pr. dimensjon 2005
Førde
2009
Førde
2012
Førde
2015
Førde/Gaular
2017
Førde/Gaular
Landssnitt
2017*
Tilgjengelegheit 4,3 4,3 4,6 5,2 5,0 4,8
Informasjon 4,3 4,3 4,7 5,2 4,5 4,5
Respektfull behandling 4,6 5,0 4,9 5,4 4,8 4,9
Pålitelegheit 4,5 4,6 4,7 5,8 5,4 5,1
Brukarmedverknad 4,1 4,7 5,1 5,1 4,7 4,6
Samarbeid (samordning) 4,4 3,3 4,2 4,7 4,7 4,6
Resultat for brukarane 3,8 4,4 4,8 4,9 4,8 4,5
Heilheitsvurdering 4,0 4,5 4,6 4,8 4,9 4,6
Snitt totalt 4,3 4,4 4,7 5,1 4,8 4,7

* 24 kommunar er med i landssnittet 
 

> Her kan du laste ned resultat per spørsmål for brukarundersøkinga barnevern 2017 (PDF, 100 kB)
 

Dette er 5. gong det blir gjennomført brukarundersøking i barnevernet, og er såleis ledd i eit målretta arbeid over tid. Evalueringa frå brukarane har vist fin framgang sidan vi starta med å etterspørre dette i 2005. At vi spør brukarane gir i seg sjølv auka merksemd på det som er viktig for brukarane og gjer at vi strekker oss i retning av brukarane sine behov.

I perioden har tenesta mellom anna flytta frå Rødekorsbygget og til Førde rådhus, og tenesta er slått saman med Gaular. Barnevernet er også omorganisert frå ein generalistmodell til ein teammodell/spesialisering. 

Sjølv om vi går litt ned på totalskåren i 2017, er det gledeleg at vi skårar svært høgt på indikatorane for pålitelegheit, tilgjengelegheit og heilheitsvurdering.

 

Byggesak

I 2017 sende vi ut spørjeskjema til 153 av dei som hadde hatt ei byggesak inne til behandling i løpet av 2016 og første halvdel av 2017. Vi fekk 54 svar, det vil seie ein svarprosent på 35 %. Dei firma som har hatt fleire byggesaker har berre fått eit skjema til utfylling. 

Brukarundersøkingar innan byggesak er tidlegare gjennomført i 2012 og 2015. I tabellen finn du resultat per dimensjon frå alle åra, samanlikna med landssnittet i 2017. I landssnittet er berre resultat blant dei kommunane som har gjennomført undersøkinga via bedrekommune. 
 

Skalaen går frå 1 til 6, der 6 er best. 

Resultat brukarundersøking byggesak
Per dimensjon 2012 2015 2017 Landssnitt
2017*
Resultat for brukaren 4,5 4,3 4,2 4,3
Respektfull behandling 5,3 5,2 5,0 4,9
Pålitelegheit  4,8 4,8 4,4 4,6
Tilgjengelegheit 5,2 4,8 4,8 4,5
Informasjon 4,6 4,3 4,1 4,3
Heilheitsvurdering 4,7 4,6 4,2 4,4
Snitt totalt 4,9 4,7 4,5 4,5

* 18 kommunar er med i landssnittet

> Her kan du laste ned resultat per spørsmål for brukarundersøkinga byggesak 2017 (PDF, 98 kB)

 

Resultatet syner at Førde kommune ligg på same totalsnittet som dei 18 kommunane som har gjennomført undersøkinga i 2017 (4,5). Tidlegare har vi hatt betre resultat enn landssnittet. Det er verd å merke seg at det berre er 18 kommunar i landssnittet. Mange kommunar har lisens på bedrekommune.no, men gjennomfører ikkje undersøkingar kvart år. Det blir såleis eit fåtal kommunar som er med i landssnittet. 

 

Førde ligg høgare enn landssnittet på dimensjonane "Respektfull behandling" (5,0) og "Tilgjengelegheit" (4,8), men lågare enn landssnittet på "Resultat for brukaren" (4,2) "Pålitelegheit" (4,4), "Informasjon" (4,1) og "Heilheitsvurdering" (4,2).
 

Vi ønsker å ha eit resultat med ein skår mellom 4,5 og 6,0. Ein akseptabel skår er mellom 4,0 og 4,4. Ikkje godkjent resultat er ein skår mellom 0,0 og 3,9. 
 

Resultatet i 2017 for byggesak er alle over skåren på 4,0, og det vil seie akseptabel. Likevel er det enkelte område vi må jobbe meir med for å bli betre. Vi ønsker heller ikkje ein situasjon med dårlegare resultat enn tidlegare år, sjølv om vi no ligg på landssnittet. Noko av forklaringa på lågare skår er stor byggeaktivitet i Førde, og arbeidspresset på saksbehandlinga vert difor høg. I tillegg har dei mange og komplekse plansakene i perioden 2016 og 2017 ført til hardt press på eininga byggesak- og arealforvaltning.

 

Fysio- og ergoterapi

146 brukarar av fysio- og ergoterapitenester har blitt spurt om kor nøgde dei er med tenestene, 63 av desse har svart. Dette gir ein svarprosent på 43 %.

 

Undersøkinga er tidlegare gjennomført i 2011, 2013 og 2015. Brukarane svarar på ein skala frå 1 til 6, der 6 er best. 

Resultat brukarundersøking fysio- og ergoterapi
 
Per dimensjon 2011 2013 2015 2017

Landssnitt

2017*

Resultat for brukaren  4,0 3,9 4,3 4,6 4,7
Brukarmedverknad 4,5 4,3 4,9 5,0 5,1
Respektfull behandling 5,3 5,3 5,6 5,6 5,7
Pålitelegheit 5,2 4,8 5,3 5,4 5,5
Tilgjengelegheit 4,7 4,4 4,8 5,3 5,2
Informasjon 3,9 3,2 4,3 4,5 4,5
Fysisk miljø 4,8 4,5 4,6 5,1 4,8
Personalet sin kompetanse 5,4 4,8 5,3 5,5 5,5
Samordning 4,9 5,1 4,5 5,5 5,3
Heilheitsvurdering 4,6 4,5 5,0 5,4 5,4
Snitt totalt 4,5 4,2 4,7 5,1 5,1

* 22 kommunar er med i landssnittet

I 2017 er resultatet svært bra, og det er ei positiv utvikling over tid. Landssnittet er òg høgt på tenesta fysio- og ergoterapi. 

 

> Her kan du laste ned resultatet per spørsmål for brukarundersøkinga innan fysio- og ergoterapi 2017 (PDF, 100 kB)

 

Viktig å spørre brukarane

Vi gjennomfører brukarundersøkingane for å sikre gode tenester og undersøkingane er eit nyttig verktøy for oss i dette arbeidet. Alle resultata frå brukarundersøkingane vert studert nøye for å bli betre der vi kan, og ikkje minst halde oppe innsatsen på det vi er gode på.

 

Brukarundersøkingane inngår som ein del av arbeidet med å setje konkrete mål for tenestene våre. Vi nyttar standardskjema frå bedrekommune.no slik at vi kan samanlikne vårt eige resultat over tid. I tillegg kan vi samanlikne eige resultat med andre kommunar som gjennomfører same undersøkinga. 

 

Vi veit vi må jobbe hardt heile tida for å ha god kvalitet på alle våre tenester og møte brukarane sitt forventningsnivå. Vårt overorda mål er at du alltid skal kjenne deg godt og respektfullt ivareteken i kontakt med Førde kommune. 

 

Sjå også

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av personen: Marit Kleiven

Marit Kleiven

Rådgjevar
Telefon : 57 61 26 58

Snarvegar