Resultat på brukarundersøkingar 2015

Klikk for stort bilete Bent Are Iversen/FIRDA

Korleis opplever du som brukar kvaliteten på vårt arbeid? Dette er eit spørsmåI vi stiller med jamne mellomrom. I 2015 har vi gjennomført 7 brukarundersøkingar i Førde kommune. Her finn du samla oversikt over resultata. 

Viktig å spørre deg som brukar

Vi er opptekne av kvalitet i våre tenester og ønskjer stadig å bli betre. Då er det viktig for oss å få vite kor tilfreds du som brukar er med våre tenester. Vi takkar her alle som har tatt seg tid til å svare gjennom året! 

 

Standard spørjeskjema for kommunar

Vi nyttar www.bedrekommune.no sine standardskjema for brukarundersøkingar. Ved å bruke dette verktøyet kan vi samanlikne oss med andre kommunar som brukar same spørjeskjema, og vi kan samanlikne våre eigne resultat over tid. 
 

Brukarane svarar på ein skala frå 1 til 6 om kor nøgde dei er med tenestene våre. 

 

Barnevern

I 2015 har 34 foreldre/føresette som har frivillige tiltak gjennom barnevernet (§ 4-4) blitt spurt om korleis dei opplever tenestene. 15 personar har svart. Det gir ein svarprosent på 44%. 

Undersøkinga er tidlegare gjennomført i 2005, 2009 og 2012. 

Resultat brukarundersøking barnevern  
Pr. dimensjon 2005
Førde
2009
Førde
2012
Førde
2015
Førde/Gaular
Landssnitt
2015*
Tilgjengelegheit 4,3 4,3 4,6 5,2 4,5
Informasjon 4,3 4,3 4,7 5,2 4,4
Respektfull behandling 4,6 5,0 4,9 5,4 4,7
Pålitelegheit 4,5 4,6 4,7 5,8 4,8
Brukarmedverknad 4,1 4,7 5,1 5,1 4,4
Samarbeid (samordning) 4,4 3,3 4,2 4,7 4,5
Resultat for brukarane 3,8 4,4 4,8 4,9 4,2
Heilheitsvurdering 4,0 4,5 4,6 4,8 4,3
Snitt totalt 4,3 4,4 4,7 5,1 4,5

* I landssnittet er det 10 kommunar
 

> Sjå resultat per spørsmål i 2015 for barnevern (PDF, 109 kB)


Undersøkinga er gjennomført via telefonintervju. Studentar ved barneverntenesta har utført intervjua.  

 

Byggesak

Dei som har hatt ei byggesak i Førde kommune i løpet av 2014 eller første halvdel av 2015 er blitt spurt om korleis dei opplever tenestene. Spørjeskjema er sendt til 131 personar/firma. 41 har svart, som gir ein svarprosent på 31%. Dei firma som har hatt fleire byggesaker har kun motteke 1 skjema. 

 

Undersøkinga er tidlegare gjennomført i 2012. 

Resultat brukarundersøking byggesak 
Per dimensjon 2012 2015 Landssnitt
2015*
Resultat for brukaren 4,5 4,3 4,2
Respektfull behandling 5,3 5,2 4,9
Pålitelegheit 4,8 4,8 4,5
Tilgjengelegheit 5,2 4,8 4,4
Informasjon 4,6 4,3 4,2
Heilheitsvurdering 4,7 4,6 4,4
Snitt totalt 4,9 4,7 4,4

* I landssnittet er det 26 kommunar

 

> Sjå resultat per spørsmål i 2015 for byggesak (PDF, 278 kB)

 

Fysio- og ergoterapi

I 2015 har 123 personar som har tenester frå fysio- og ergoterapitenesta i Førde kommune blitt spurt om korleis dei opplever tenestene. 51 personar har svart, som gir ein svarprosent på 41%.

Undersøkinga er tidlegare gjennomført i 2011 og 2013. 

Resultat brukarundersøking fysio- og ergoterapi
Per dimensjon 2011 2013 2015 Landssnitt
2015*
Resultat for brukaren 4,0 3,9 4,3 4,7
Brukarmedverknad 4,5 4,3 4,9 5,1
Respektfull behandling 5,3 5,3 5,6 5,6
Pålitelegheit 5,2 4,8 5,3 5,5
Tilgjengelegheit 4,7 4,4 4,8 5,1
Informasjon 3,9 3,2 4,3 4,4
Fysisk miljø 4,8 4,5 4,6 4,9
Personalet sin kompetanse 5,4 4,8 5,3 5,5
Samordning 3,9 3,1 3,0 3,2
Heilheitsvurdering   4,5 5,0 5,3
Snitt totalt 4,5 4,2 4,7 5,0

* I landssnittet er det 25 kommunar
 

> Sjå resultat per spørsmål i 2015 for fysio- og ergoterapi (PDF, 447 kB)
 

Heimetenesta

I 2015 har 44 personar fått tilbod om telefonintervju eller besøk i heimen. 30 personar har svart, som gir ein svarprosent på 68%. 

Undersøkinga er tidlegare gjennomført i 2006, 2009,  2011 og 2013, men på grunn av endringar i spørsmålstilling er berre 2013 tatt med som samanlinkningsgrunnlag. 

Resultat brukarundersøking heimetenesta
Per dimensjon 2013 2015 Landssnitt
2015*
Resultat for brukaren 4,9 5,2 5,1
Brukarmedvernad 3,8 4,3 4,4
Respektfull behandling 4,2 4,2 4,7
Tilgjengelegheit 4,7 4,7 4,9
Informasjon 4,7 4,8 4,8
Heilheitsvurdering 4,9 5,2 5,2
Snitt totalt 4,5 4,7 4,9

* I landssnittet er det 52 kommunar

> Sjå resultat per spørsmål i 2015 for heimetenesta (PDF, 462 kB)
 

Førde Helsetun, bebuarar

I 2015 har 17 bebuarar på Førde Helsetun blitt intervjua. 

Undersøking er tidlegare gjennomført i 2006, 2009, 2011 og 2013, men på grunn av endringar i spørsmålstilling er berre 2013 tatt med som samanlikningsgrunnlag.

Resultat brukarundersøking bebuarar Førde Helsetun
Per dimensjon 2013 2015 Landssnitt 
2015*
Resultat for bebuaren 4,9 4,9 5,1
Trivsel 5,0 5,3 5,4
Brukarmedverknad 4,3 4,7 4,9
Respektfull behandling 5,3 5,6 5,5
Tilgjengelegheit 4,2 4,6 5,0
Informasjon 4,9 4,3 4,7
Heilheitsvurdering 5,0 5,4 5,5
Snitt totalt 4,8 4,9 5,1

* I landssnittet er det 26 kommunar
 

> Sjå resultat per spørsmål i 2015, bebuarar Førde Helsetun (PDF, 472 kB)


Førde helsetun, pårørande

I 2015 har 70 pårørande fått tilsendt spørjeskjema om korleis dei opplever kvaliteten på tenestene på Førde Helsetun. 37 personar har svart, som gir ein svarprosent på 53%.

Undersøkinga er tidlegare gjennomført i 2006, 2009, 2011 og 2013, men på grunn av endringar i spørsmålstilling er berre 2013 tatt med som samanlikningsgrunnlag. 

Resultat pårørandeundersøking Førde Helsetun
Per dimensjon 2013 2015 Landssnitt
2015*
Resultat for bebuaren 4,1 3,8 4,4
Trivsel 4,6 4,3 4,8
Brukarmedverknad 3,9 3,6 4,2
Respektfull behandling 4,8 4,7 5,1
Tilgjengelegheit 4,5 4,3 4,7
Informasjon 4,2 4,0 4,5
Heilheitsvurdering 4,7 4,8 5,0
Snitt totalt 4,3 4,1 4,5

* I landssnittet er det 55 kommunar

> Sjå resultat per spørsmål i 2015, pårørande Førde Helsetun (PDF, 541 kB)

 

Førde Norsksenter, Introduksjonsprogrammet

Førde kommune er ein av pilotkommunane som har testa denne brukarundersøkinga i 2015. Den er nyleg utarbeidd av kommuneforlaget og det er kun Førde sine tal som ligg inne i bedrekommune.no. Vi har difor ikkje noko samanlikning med landssnitt. 

 

Undersøkinga vart gjennomført via intervju på Førde Norsksenter. Tilsette ved Flora innvandrarsenter har gjennomført intervjua i Førde. 

42 personar vart spurt om dei ville delta. 34 personar har svart, som gir ein svarprosent på 81%.

Resultat brukarundersøking introduksjonsprogram 2015
Per dimensjon 2015
Resultat for brukaren 3,6
Brukarmedverknad 3,6
Individuell plan 3,7
Rspektfull behandling 4,3
Informasjon 4,2
Tilgjengelegheit 4,1
Pålitelegheit 4,5
Heilheitsvurdering 4,3
Snitt totalt 4,0

 

> Sjå resultat per spørsmål i 2015, introduksjonsprogram på Førde Norsksenter 2015 (PDF, 452 kB)

 

Oppsummering av resultat i 2015

Jamt over har vi høgt tilfredsheitsnivå i Førde kommune på våre tenester, og vi har stort sett positiv utvikling over tid. Likevel er det enkelte område vi må jobbe meir med for å bli betre.  

 

I 2015 er det spesielt pårørande på Førde Helsetun som har gitt tilbakemelding på lågare tilfredsheit enn tidlegare. Her er vi allereie i gang med tiltak som er retta mot pårørande til bebuarar på Førde Helsetun. 

 

Alle resultata frå brukarundersøkingane vert studert nøye for å bli betre der vi kan, og ikkje minst halde oppe innsatsen på det vi er gode på. Brukarundersøkingane inngår som ein del av arbeidet med å setje konkrete mål for tenestene våre. Gjennom aktiv bruk av undersøkingane kan vi setje oss mål som gjer at vi ser positiv utvikling over tid.

 

Vi veit vi må jobbe hardt heile tida for å ha god kvalitet på alle våre tenester og møte brukarane sitt forventningsnivå. Vårt overordna mål er at du alltid skal kjenne deg godt og respektfullt ivareteken i kontakt med Førde kommune.

Kontakt

bilde av personen: Marit Kleiven

Marit Kleiven

Rådgjevar
Telefon : 57 61 26 58

Snarvegar