Resultat på brukar- og medarbeidarundersøkingar 2016

Ytre Hafstad barnehage, ute - Klikk for stort bilete

Det er viktig for oss å få vite kor tilfreds du er med våre tenester. Vi gjennomfører difor brukarundersøkingar med jamne mellomrom. I 2016 er det føresette til barn i barnehagane og dei som har besøkt biblioteket som har blitt spurt om kor fornøgde dei er med tenestene.

 

I tillegg har vi hatt medarbeidarundersøking for tilsette i Førde kommune og brukarundersøking på interne tenester som gjeld vaktmeister og reinhald. Alle undersøkingane er gjennomført via bedrekommune.no

Barnehage

I 2016 har 753 føresette blitt spurt om kor fornøgde dei er med barnehagen til sitt barn. 581 personar har svart, som gir ein svarprosent på 77 %. 

 

Brukarundersøkinga i barnehagane er gjennomført annakvart år sidan 2004. I tabellen finn du resultat per dimensjon frå 2010, 2012, 2014 og 2016 for Førdebarnehagane, samt landssnittet for 2016.
 

Skalaen går frå 1 til 6, der 6 er best. 

Resultat brukarundersøking barnehage
Per dimensjon 2010 2012 2014 2016 Landssnitt 2016*
Resultat for brukarane 5,0 5,1 5,3 5,2 5,1
Trivsel 5,1 5,2 5,3 5,3 5,2
Brukarmedverknad 4,7 4,8 5,0 5,0 4,9
Respektfull behandling 5,3 5,4 5,5 5,5 5,4
Tilgjenge 5,3 5,4 5,5 5,6 5,5
Informasjon 4,7 4,7 5,0 5,0 4,8
Fysisk miljø 4,4 4,6 4,7 4,9 4,8
Heilheitsvurdering 5,1 5,2 5,3 5,3 5,2
Snitt totalt 4,9 5,1 5,2 5,2 5,1

* 89 kommunar er med i landssnittet

Her kan du laste ned resultat per spørsmål for Førdebarnehagane i 2016 (PDF, 102 kB)

 

Bibliotek

I 2016 har 81 av dei som har besøkt biblioteket svart på kor fornøgde dei er med bibliotektilbodet. Brukarundersøkinga er tidlegare gjennomført i 2013. I tabellen finn du resultat per dimensjon frå 2013 og 2016 for Førde bibliotek, samt landssnitt i 2016. 

Skalaen går frå 1 til 6, der 6 er best. 

Resultat brukarundersøking bibliotek
Per dimensjon 2013 2016 Landssnitt 2016*
Service 5,3 5,0 5,2
Brukarmedverknad 4,8 4,5 4,7
Biblioteket sitt utlånstilbod/utval 4,6 4,6 4,7
Biblioteket sine lokale 5,0 4,9 4,8
Tilgjenge 5,2 5,2 5,0
Informasjon 4,6 4,6 4,6
Heilheitsvurdering 5,3 5,3 5,4
Snitt totalt 5,0 4,9 4,9

* 23 kommunar er med i landssnittet

> Her kan du laste ned resultat per spørsmål for Førde bibliotek i 2016 (PDF, 101 kB)

 

Interne tenester i Førde kommune

I 2016 har vi for første gong gjennomført brukarundersøking for interne tenester. Forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) er ei intern serviceeining med ansvar for dagleg reinhald, tilsyn, drift og vedlikehald av alle bygningar som Førde kommune eig.

 

Vi spurte 45 leiarar i Førde kommune om kor fornøgde dei er med reinhald og vaktmeistertenestene som FDV utfører. 25 svarte, som gir ein svarprosent på 56 %. Tabellane viser resultat per spørsmål, samt landssnitt i 2016. 

Skalaen går frå 1 til 6, der 6 er best. 

Resultat reinhaldstenesta 2016 (FDV)
Resultat per spørsmål Førde Landssnitt*
Reinhaldstenesta er imøtekomande når eg tek kontakt 5,6 5,2
Reinhaldstenesta yter god service ved førespurnader 5,5 5,1
Reinhaldstenesta er løysingsorientert 5,4 4,9
Reinhaldstenesta leverer tenester med god kvalitet 5,0 4,7
Reinhaldstenesta held avtalte fristar 5,5 5,0
Reinhaldstenesta er tilgjengeleg i ordinær kontortid 5,7 5,0
Reinhaldstenesta har tilstrekkeleg kapasitet/tid til å imøtekome min behov 4,7 4,7
Alt i alt, eg er fornøgd med tenesta eg får frå reinhaldstenesta 5,1 4,8
Snitt 5,3 4,9

* 20 kommunar er med i landssnittet
 


Resultat vaktmeistertenesta 2016 (FDV)
Resultat per spørsmål Førde Landssnitt*
Vaktmeistertenesta er imøtekomande når eg tek kontakt 5,2 5,2
Vaktmeistertenesta yter god service ved førespurnader 5,2 5,0
Vaktmeistertenesta er løysingsorientert 5,2 5,1
Vaktmeistertenesta leverer tenester med god kvalitet 5,0 5,0
Vaktmeistertenesta held avtalte fristar 4,9 4,5
Vaktmeistertenesta er tilgjengeleg i arbeidstida 5,0 4,6
Vaktmeistertenesta tydeleggjer kva dei kan hjelpe meg med 4,5 4,8
Vaktmeistertenesta har tilstrekkeleg kapasitet/tid til å imøtekome mine behov 4,2 4,3
Alt i alt, eg er fornøgd med tenesta eg får frå vaktmeistertenesta  4,9 4,8
Snitt 4,9 4,8

* 20 kommunar er med i landssnittet

 

Medarbeidarundersøking

I 2016 har 1171 tilsette i Førde kommune fått høve til å svare på medarbeidarundersøking. 878 har svart, som gir ein svarprosent på 75 %. Vi har gjennomført medarbeidarundersøkinga annakvart år sidan 2006. I tabellen finn du resultat per dimensjon frå 2010, 2012, 2014 og 2016, samt landssnittet for 2016.

Skalaen går frå 1 til 6, der 6 er best. 

Resultat medarbeidarundersøking
Resultat per dimensjon 2010 2012 2014 2016 Landssnitt 2016*
Organisering av arbeidet 4,4 4,6 4,6 4,6 4,6
Innhald i jobben 4,8 5,0 5,0 5,0 5,0
Fysiske arbeidsforhold 4,2 4,4 4,4 4,5 4,4
Samarbeid og trivsel med kollegaene 5,0 5,0 5,0 5,0 5,1
Mobbing, diskriminering og varsling 4,8 5,0 5,0 5,1 5,0
Næraste leiar 4,4 4,6 4,7 4,7 4,6
Medarbeidarsamtale 4,6 4,8 4,9 4,8 4,9
Overordna leiing 4,1 4,3 4,4 4,5 4,2
Fagleg og personleg utvikling 4,3 4,5 4,5 4,6 4,5
System for lønns- og arbeidstidsordningar 4,0 4,2 4,3 4,3 4,3
Stoltheit over eigen arbeidsplass 4,8 4,9 4,9 4,9 4,8
Heilheitsvurdering   4,7 4,7 4,7 4,7
Snitt totalt 4,5 4,6 4,7 4,7 4,7

* 49 kommunar er med i landssnittet

Her kan du laste ned resultat per spørsmål for medarbeidarundersøkinga 2016 (PDF, 107 kB)
 

Standard spørjeskjema for kommunar

Vi nyttar bedrekommune.no sine standardskjema for brukarundersøkingar. Verktøyet gir oss høve til å samanlikne vårt resultat mot andre kommunar som nyttar same spørjeskjema. I tillegg kan vi samanlikne våre eigne resultat over tid. 
 

Oppsummering av resultat i 2016

Dei to brukarundersøkingane i 2016 viser eit stabilt høgt tilfredsheitsnivå. Barnehagane skårar betre enn landssnittet, medan biblioteket ligg på same nivå som landssnittet i 2016. Dette er vi særs nøgde med. 

 

Vi er opptekne av kvalitet i våre tenester og ønskjer stadig å bli betre. Resultata på brukarundersøkingane vert difor studert nøye for å bli betre der vi kan, og ikkje minst halde oppe innsatsen på det vi er gode på. Vi veit vi må jobbe hardt heile tida for å ha god kvalitet på alle våre tenester og møte brukarane sitt forventningsnivå. 

 

For å yte gode tenester må vi også ha tilfredse medarbeidarar, og årets medarbeidarundersøking syner at vi har nøgde tilsette. Vi skårar mellom anna 4,9 på "stoltheit over eigen arbeidsplass", og verdien har vore stabil sidan 2012. Stort sett følgjer vi landssnittet på dei andre dimensjonane. Unntaket er vurdering av leiarnivå der Førde kommune skårar høgre enn landssnittet. 

 

Det er i tillegg gledeleg at vi skårar høgt på interne tenester, her ligg vi over landssnittet innan reinhald- og vaktmeistertenester. 

 

> Sjå også: Resultat på brukarundersøkingar 2015

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 02.01.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering