FDV

Forvalting, drift og vedlikehald (FDV),  er ei intern serviceeining med ansvar for forvalting, drift og vedlikehald av alle bygningane som Førde kommune eig.

Vi administrerer og utfører dagleg reinhald, tilsyn, drift og vedlikehald av bygningane og dei tekniske installasjonane. Eininga utarbeider også oversikter og kalkyler for større vedlikehalds- og rehabiliteringsprosjekt, til kommunen sin økonomiplan.

 

I tillegg til bygningsareal, har FDV ansvar for tilsyn og vedlikehald av leikeplassar, idretts- og ballbaner, samt parkeringsplassane som høyrer til dei ulike bygningane.

 

Førde kommune sine bygningar omfattar vel 70 000 m2 bygningsareal, og tilhøyrande uteområde strekker seg over omlag 110 000 m2.

 

Kommunale bygg: 9 barnehagar, 9 skular, Førdehuset, Førde helsetun, Førde rådhus, Pensjonistheimen, omsorgsbustader på Prestebøen, ca 50 husvære i burettslag/sameige og einebustader.

 

    Vi leiger også ut lokale til eksterne brukarar, som til dømes i Førdehuset, Førde rådhus, Angedalsvegen 6 og gamle prestebustaden på Tåene.

     

    Førde kommune leiger kontor- og arbeidslokale til fleire tenesteeiningar i kommunen. FDV har også ansvar for reinhald hos fleire av desse.

     

    Eininga har 63 tilsette fordelt på ca 48,6 årsverk.

    Fann du det du leitte etter?

    Kontakt

    bilde av personen: Kari Aase

    Kari Aase

    Leiar forvaltning, drift og vedlikehald
    Telefon : 57 61 27 82
    Mobil: 996 49 962

    Snarvegar