Fagutvikling og koordinering

Klikk for stort bilete

Våre hovudoppgåver er utviklingsarbeid, saksutgreiing, rådgjeving, og koordinering av tenester. Eininga er ei av fire støtteeiningar for rådmannsnivået og einingsleiarane i kommunen.  

Vi har kompetanse innan:

  • Samfunnsplanlegging
  • Helse- og sosialfag
  • Jus
  • Økonomi
  • Oppvekst og undervisning
  • IKT

Eininga har mellom anna følgjande arbeidsoppgåver:

  • Koordinering og leiing av interkommunale samarbeidsprosjekt
  • Prosjektleiing
  • Controllerfunksjon
  • Kommuneoverlege
  • Økonomisk rådgjeving og forvalting
  • Koordinering av kommunen sitt arbeid med folkehelse og SLT (Samordning av lokale kriminalitetsførebyggande tiltak)
  • Juridisk rådgjeving og utgreiing
  • Innkjøpsavtalar for varer og tenester
  • Samordning og kvalitetssikring av pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd
  • Rådgjeving innan helse- og sosialfeltet
  • Utarbeiding av individuell plan for personar med behov for langvarige koordinerte helse- og sosialtenester


​Kontaktinformasjon - tilsette på fagutvikling og koordinering

 

Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester

Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT) er knytt til eininga fagutvikling og koordinering. Senteret er ei nasjonal satsing som skal bidra til gode pleie- og omsorgstenester i kommunane.

 

Det er oppretta utviklingssenter i kvart fylke i landet. I  Sogn og Fjordane er Førde kommune vertskommune for senteret og dei har kontorstad i Førde rådhus. Les meir på USHT si nettside


   

Kontakt

bilde av personen: Øystein  Høyvik

Øystein Høyvik

Leiar for fagutvikling og koordinering
Telefon : 57 61 26 50
Mobil: 936 74 106

Snarvegar