Byggesak og arealforvaltning

Klikk for stort bilete

Byggesak og arealforvaltning har ansvaret for kommunen sin overordna arealplanlegging, plan- og byggesakshandsaming, kartforvaltning, oppmåling og delingsforretning, landbruk og vilforvaltning.

Eininga har i dag 13 tilsette, og skal vere ein pådrivar i Førde si byutvikling. Vi ønskjer å vere ein synleg eining med godt omdømme og vere ein attraktiv arbeidsplass med gode føresetnader til utvikling.

På eininga har vi tilsette med eit breitt spekter av utdanning; ingeniørar, sivilingeniør, sivilarkitekt, jurist, fagkonsulentar, og her er tilsette med erfaring både frå det private næringsliv og offentleg forvaltning. Vi har ein god miks av tilsette frå relativt nyutdanna til dei med meir enn 30 år i arbeidslivet.

Førde er i endring der pågåande planprosessar, både i sentrum, Indre og Ytre Øyrane, samt handelspark på Brulandsvellene og næringspark på Moskog, vil løfte Førde opp og fram. Førdepakken, der det skal investerast nær 1,6 milliardar kroner på veg, gate og sykkelvegar i og nær Førde sentrum dei neste 12 åra, vil vere ein viktig faktor for Førde si sentrumsutvikling. Samla vil Førde møte store og interessante utfordringar og oppgåver dei komande åra.
 

Byggesak og arealforvaltning arbeider for ein variert og bærekraftig vekst i Førde ved å:

  • legge til rette for vekst
  • legge til rette for bygging av bustader, næring og offentlege føremål
  • bidra til eit attraktivt bysentrum
  • sette estetiske krav til utforming av bygg og anlegg
  • arbeide for universell utforming
  • legge til rette for aktivt og attraktivt landbruk
  • legge til rette for sykkelby

Byggesak og arealforvaltning kan hjelpe deg med:


Tilsette på byggesak og arealforvaltning:

Kontakt

bilde av personen: Odd Harry Strømsli

Odd Harry Strømsli

Leiar byggesak og arealforvaltning
Telefon : 57 61 27 15

Snarvegar