Bu- og avlastingstenesta

Kontakttelefonar

  • Leiar Harald Bjarte Reite: 901 50 161
  • Prestebøen 18: 994 97 713

Bu- og avlastingstenesta yt tenester til born og vaksne med psykisk utviklingshemming og elles store hjelpebehov. 
 

Avlastinga yt teneser til familiar med omfattande omsorgsoppgåver. Tilbodet og aktivitetane er variert og tiltrettelagt det einskilde barnet. Fagleiar er Monica Vik Hafstad.

 

Tenesta for vaksne har base på Prestebøen 18. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte i livet, knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, matlaging og sosiale ferdigheiter. Støtten inneber også hjelp til å handtere og meistre psykiske vanskar. Fagleiar er Ann Renate Mulehamn.

 

Tenesta har for tida 32 årsverk fordelt på nærmare 60 tilsette. Desse har utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog, ergoterapeut, omsorgsarbeidar, hjelpepleiar. Nokre har vidareutdanning blant anna innan psykiatri.
 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av personen: Harald Bjarte  Reite

Harald Bjarte Reite

Leiar bu- og avlastingstenesta
Mobil: 901 50 161

Snarvegar