Bli vår nye kollega!

Vi ønskjer å vere ein attraktiv, inkluderande og god arbeidsplass. Høg kompetanse blant våre tilsette, godt arbeidsmiljø og levering av gode tenester til innbyggarane gjorde til at vi kom heilt til topps i kommunebarometeret i 2018. Det er vi svært stolte av! 

 

For å levere tenester av høg kvalitet treng vi både gode leiarar og motiverte medarbeidarar. Vil du vere med å bidra til at Førde er ein god stad å leve, bu og arbeide? Sjekk våre ledige stillingar om det er noko av interesse for deg. 

 

Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 tilsette innanfor mange ulike yrke. 

 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar