Vieåsen vest til høyring og offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete Planframlegget legg til rette for å føre opp nye husvære i rekkjehus, og blokker til studenthyblar øvst i Vieåsen. Planområdet omfattar også delar av eksisterande rekkjehus som i størst mogleg grad skal takast vare på slik dei er i dag.

Planutvalet i Førde kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering Vieåsen vest til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

 

Norconsult AS og Arki Arkitekter AS har på vegne av Bustadstiftinga ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane (BSSF) utarbeidd framlegg til detaljregulering Viesåsen vest.

 

Planen regulerer nytt byggeområde for konsentrert småhus, BKS9 og BKS11. I BKS9 kan det førast opp rekkjehus i to etasjar, medan det i BKS11 kan førast opp blokker i tre etasjar. Det er utarbeidd illustrasjon som er retningsgjevande for plassering og form på nye tun. Planen femner også om eksisterande tun BKS1-8 og studentblokker BKS10. Dei eksisterande tuna med unntak av ei bustadrekkje BKS4, er regulert med omsynssone bevaring av kulturmiljø med føringar om å ta vare på tuna slik dei er i dag. Formåla gardstun og leikeplass sikrar uteopphaldsareal og gangvegar i området. Tilkomst til området er regulert frå eksisterande offentleg køyeveg i nordaust. Interne køyrevegar er regulert som felles køyrevegar. Det er regulert ny køyrbar gang-/sykkelveg i nordvest til Hatlehaugen. Områda kring er regulert som friområde. Eksisterande sti til Runnen er regulert som turveg. Parkeringsareal er regulert på eksisterande parkeringsplassar med høve for utviding. Det vert vist til planomtale for fleire opplysningar om planframlegget.
 

Planområde ligg på vestsida av Vieåsen, om lag 3 km aust for Førde sentrum, og gjeld gbnr. 43/211, 212 og 362 og delar av 43/88 og 200, og er samla ca. 70 dekar.

 

Dokument i saka.

 

Reguleringsføresegner og plankart vil verte juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.

 

Ny reguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande detaljreguleringsplan Vie området av 1993.

 

Planframlegget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 11.06. – 23.08..2019. Planen er tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset, og på servicetorget til Førde kommune.

 

Send eventuelle merknadar på elektronisk skjema, via e-post: postmottak@forde.kommune.no eller per post til: Førde kommune, postboks 338, 6801 Førde

innan 23. august 2019.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar