Varsel om planoppstart for kommunedelplan rv. 5 Erdal–Naustdal

Klikk for stort bilete

Statens vegvesen skal i samarbeid med kommunane Naustdal og Førde utarbeide ein kommunedelplan for å avklare framtidig trase for ny riksveg 5 på strekningen Erdal–Naustdal. Vi ber med dette om innspel til arbeidet. Frist for å sende innspel er 20. oktober 2019.  

Om planområdet

Store delar av strekningen rv. 5 frå Erdal til Naustdal er svært utsatt for skred. Målet med planarbeidet er å avklare ein trase for ny rv. 5 som gir god sikring mot skred og som stettar dagens krav til ein viktig hovudveg. 

Konsekvensutgreiing

I samband med planarbeidet skal det, i samsvar med Forskrift om konsekvensutredninger, gjennomførast ei konsekvensutgreiing for å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte. Eit utkast til planprogram ligg ute til offentleg ettersyn frå 10. september 2019 til 20. oktober 2019. 

Informasjonsmøte

I samband med høyring av planprogrammet vil det bli arrangert ope informasjonsmøte i Kulturhuset i Naustdal tysdag 1. oktober kl. 19.00.

Innspel til arbeidet

Vi ber om at de sender synspunkt og innspel til planarbeidet til Statens vegvesen innan 20. oktober 2019

Postadresse: Statens vegvesen region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger
eller med e-post til firmapost-vest@vegvesen.no

Kontakt

Om de har spørsmål om planarbeidet kan de kontakte:

  • Statens vegvesen: Ingar Hals på telefon 974 73 361 eller e-post ingar.hals@vegvesen.no
  • Naustdal kommune: Harald Eikenes på telefon 57 81 61 25 eller e-post harald.eikenes@naustdal.kommune.no 
  • Førde kommune: Julie Daling på telefon 57 61 27 21 eller e-post julie.daling@forde.kommune.no 
  • Statens vegvesen svarer på spørsmål om mellom anna alternativ og løysingar og generelt om planarbeidet, organisering og framdrift. Kommunane kan mellom anna svare på spørsmål om koordinering opp mot kommunalt planarbeid.
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar