Varsel om oppstart - detaljregulering Angedalsvegen 6

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om oppstart av «detaljreguleringsplan for Angedalsvegen 6, gbnr. 22/237» i Førde kommune.

Planområdet er på om lag 3,4 daa, og ligg sør for Angedalsvegen og nord for parken/festplassen i Førde sentrum.

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ei ny bustadblokk sentralt i Førde. Det er ønskje om å byggje 5 etasjar mot nord og ei nedtrapping med takterrasse mot elva i Sør. I kjellar er det planlagt felles parkeringskjellar, med kopling til eksisterande nabokjellar (Huus-tunet pkjellar).

Eventuelle innspel til planarbeidet kan sendast på e-post til gms@nordplan.no eller til postadresse: Nordplan AS Pb. 685 6804 Førde

Frist for innspel: fredag 23. august 2019

Spørsmål kan rettast til Grete Marøy Sellevoll i Nordplan på telefon 95082925 eller e-post.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar