Tidlegrøysting frå 1. juli 2019

Klikk for stort bilete

Frå 1. juli 2019 er det mogleg å tidlegrøyste til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Det er eit avgrensa tilbod til deg som ikkje er innanlands i den ordinære førehandsrøysteperioden. 

Tidlegrøysting i Sunnfjord kommune

Dersom du er forhindra frå å røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting (12. august–6. september), kan du tidlegrøyste innanlands frå måndag 1. juli og til og med fredag 9. august. I Sunnfjord kan du stikke innom servicetorget i Førde rådhus i opningstida 08.00–15.15. Du treng berre legitimasjon for å tidlegrøyste. 

Førehandsrøysting frå 12. august

Måndag 12. august og til og med 6. september 2019 er den ordinære førehandsrøysteperioden. I denne perioden kan du røyste i det førehandsrøystelokalet du ønsker, i heile landet. Finn vallokale i kommunen du bur i her: https://valg.no/valglokaler/ 

Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på røystegjevinga. Det betyr at om du førehandsrøystar, så kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen 9. september.

I nye Sunnfjord kommune kan du førehandsrøyste ved servicetorga i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.

I Førde kan du førehandsrøyste på servicetorget frå måndag 12. august til fredag 6. september til følgande tider:

  • måndag til fredag veke 33, 34 og 35: kl. 08.00–15.15
  • måndag til onsdag veke 36: kl. 08.00–16.00
  • torsdag veke 36: kl. 08.00–17.00
  • Fredag veke 36: kl. 08.00–18.00

Nytt i år er at du også kan førehandsrøyste laurdag 31. august, kl. 12.00–16.00 på skywalken. 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar