Start av detaljregulering Sandbrekka del av gbnr 60/15

Formålet med tiltaket er å legge til rette for ei utviding av eksisterande lagerområde for Førde Sementvare AS mot vest.

Tiltaket legg til rette for planering av delar av området for lagring av betongelement, samt eventuelt sette opp eit nytt lagerbygg.

 

Planområdet er ca 8,6 dekar, og består i dag av skog og kratt i eit delvis kupert terreng, som i kommuneplanens arealdel er regulert som landbruk-, natur- og friluftsomårde.

 

Nordplan AS varslar på vegne av Førde Sementvare AS start av detaljregulering. Planarbeidet skjer i samsvar med plan og bygningslova kap 12. Det er vurdert at tiltaket ikkje vert omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing §§ 6 og 8. 

 

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon som kan vere av interesse for planarbeidet, send dette til:

 

Nordplan AS

v/ Patric Langeland

Postboks 685

6804 Førde

 

eller som E-post til: pl@nordplan.no

 

Spørsmål kan rettast til Patric Laneland på telefon 91 70 69 43 eller e‐post over.

 

Frist for å sende inn merknader er sett til 16. oktober 2019.

 

Varselbrev (PDF, 7 MB)

Dokument i saka

 

 

 

 

 

 

 

Snarvegar