Start av detaljregulering Indre Øyrane gbnr 21/576 og tinging av utbyggingsavtale

Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan Indre Øyrane, gbnr. 21/567, jf. § 12-8 i plan- og bygningslova (pbl). Det vert i tillegg starta tiningar av utbyggingsavtale for detaljreguleringsplan Indre Øyrane gbnr. 21/567, jf. § 17-4 i pbl.

 

 

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for bustader, forretning og kontor, der planen vil legge til rette for utbygging av inntil 9.000 m2 nytt forretningsareal og ca. 130 bustader med tilhøyrande parkering og uteopphaldsareal. I tillegg vil det verte sett av areal til samferdsleanlegg som femnar om veg, gangveg/gangareal og torg.

 

Planområdet er ca. 23,5 dekar, og femnar om eigedom gnr. 21 bnr. 567, jf. kart i varselbrev.

 

Formålet med ev. utbyggingsavtale er å sikre finansiering og gjennomføring av ny offentleg infrastruktur og grønstruktur.

 

Planarbeidet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar.

 

Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Coop Vest Eigedom Øyrane AS.

 

Ny detaljreguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande områdereguleringsplan Indre Øyrane av 2019.

 

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon som kan vere av interesse for planarbeidet, send dette til:

Norconsult AS, Postboks. 514, 6803 Førde

 

 

For nærmare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til:

Johannes Henrik Myrmel

mob. 454 04 993

e-post: johm@norconsult.no

 

Frist for å sende inn merknader er sett til 5. desember 2019.

 

Snarvegar