Start av detaljregulering Hornnesvegen 36-42

Det vert varsla om igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan Hornnesvegen 3642, g/bnr. 21/297, 22/90, 22/62, 22/244 og 22/56, jf. § 12-8 i plan- og bygningslova.

Klikk for stort bilete

Planområdet er ca. 11,2 dekar, og ligg mellom Hornnesvegen og Stranda, sjå figur. Arealformåla vil bli bustader i form av blokker og rekkjehus. Det er vurdert at tiltaket ikkje vert omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing § 6 B eller krav om planprogram etter plan- og bygningslova §§ 4-1 og 4-2.

 

Tippetue Arkitekter as gjennomfører planarbeidet for BOB BBL.

 

Ny reguleringsplan vil erstatte deler av reguleringsplan Bergum – Hornnes Nord (1975) og deler av reguleringsplan Bergum – Hornnes (2003).

 

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon som kan vere av interesse for planarbeidet, send dette til:

Tippetue Arkitekter AS

Sandviksbodene 5

5035 Bergen

 

Eller som e-post til:  post@tippetue.no

 

Spørsmål kan rettast til Sofie Grieg på telefon 55 56 33 01 eller e‐post over.

 

Frist for å sende inn merknader er sett til 26. august 2019.

 

Varselbrev (PDF, 967 kB)

Dokument i saka

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar