Kunngjering om tildeling av einerett til Sunnfjord Miljøverk

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 har Førde kommune tildelt einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd, § 29 tredje ledd og § 30 med underliggande forskrifter. Vidare er Sunnfjord Miljøverk IKS, med same heimel, også tildelt einerett for tømming og mottak av slam frå kommunale slamavskiljarar, mottak av slam frå kommunale reinseanlegg og innsamling, mottak og behandling av avfall frå kommunale verksemder/institusjonar.

Vedtak om einerettstildeling blei fatta av formannsskapet i Førde kommune sak 43/19, samt ved vedtak i Førde kommunestyre sak 53 og 54/19

Vedtaka har følgjande ordlyd:

 
Formannsskapet i Førde kommune sak 43/19:

  1. Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler Førde kommune med dette einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 29 tredje ledd og § 30 med underliggande forskrifter.
  2. Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).
  3. Vedtaket er gjort i samsvar med §13 i kommunelova («hasteparagrafen»)

Førde kommunestyre 53/19:

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler Førde kommune med dette einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for tømming og mottak av slam frå kommunale slamavskiljarar, mottak av slam frå kommunale reinseanlegg og innsamling, mottak og behandling av avfall frå kommunale
verksemder/institusjonar.

Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).

Førde kommunestyre 54/19:

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler Førde kommune med dette einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd med underliggande forskrifter.

Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).

Snarvegar