Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn - detaljregulering Leirdalen - del av gbnr. 61/41

Planutvalet har i møte 13. juni 2019 vedteke å legge forslag til detaljregulering for Leirdalen - del av gbnr. 61/41 ut til høyring og offentleg ettersyn.

 

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for nytt næringsareal i tilknyting til eksisterande forretnings- og næringsareal på Sanderplassen i Førde. Planområdet ligg om lag 1,6 km aust for Førde sentrum og er på 36,2daa.

Framlegg til detaljregulering inneheld planomtale, reguleringsføresegner, plankart, illustrasjonar og ROS-analyse.

Høyringsfrist:

03. september 2019

Send merknadar på elektronisk skjema, via e-post: postmottak@forde.kommune.no eller per post til:

Førde kommune

Postboks 338

6802 Førde

 

Planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 25. juni - 03. september 2019. Planen er tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset, på Servicetorget til Førde kommune og på kommunen sine nettsider.

Saksdokumenta finn ein her.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar