Forslag til kommuneplanen sin arealdel 2018 - 2030

Klikk for stort bileteIllustratør: Gregory Kelubia Idehen

Planutvalet vedtok 13. desember 2018 å legge forslaget til kommuneplanen sin arealdel ut til høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfrist var 8. februar 2019. 

NB! Høyringsperioden er over, men her finn du høyringsdokumenta. 

 

Høyringsperiode

Høyringsperioden er frå 17. desember 2018 og til 8. februar 2019. Dette er i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14. 

 

Høyringsdokument

 

Planutvalet gjorde vedtak om alternativ til rådmannen sitt framlegg på det som gjeld byggehøgde og parkeringskjellar:

Gjeld byggehøgde

  • Rådmannen sitt framlegg: Byggehøgde skal som hovudregel ikkje overstige 5 etasjar og byggehøgde på 19 meter.
  • Nytt alternativ framlegg: Byggehøgde skal som regel ikkje overstige 6 etasjar og byggehøgde på 23 meter. 

Gjeld parkeringskjellar

  • Rådmannen sitt framlegg: Maks-krav jfr. tabell om bilparkeringsnorm ved ulike typar verksemder. 
  • Nytt alternativ framlegg: maks-krav til parkering gjeld ikkje i kjellar eller hus. 

 

Papirkopi av plankart, planomtale, føresegner og retningslinjer vert lagt ut på biblioteket i Førdehuset og på Servicetorget i Førde rådhus. 
 

Sjå planforslaget på kommunekart

Planforslaget er også lagt inn på kommunekart. Du finn ei nedtrekksliste under kommunevåpenet med dei ulike omsynssonene. Klikk på dei omsynssonene du er interessert i, og du får dei opp i kartet. 

 

Folkemøte om kommuneplanen 16. januar 2019

Det blir invitert til folkemøte onsdag 16. januar 2019 om forslaget til kommuneplan.

  • Tid og stad: Festsalen i Førdehuset klokka 18.30. 
     

Slik kan du sende merknader

 

Merk innspelet med arkivsak 17/769. Merknadsfrist 8. februar 2019.

 

Har du spørsmål om planforslaget, ta kontakt med

Byplanleggar Julie Daling, e-post: julie.daling@forde.kommune.no 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar