Felles mål for utvikling av overordna vegsystem i området Sanderplassen og Brulandsvellene

I samband med områderegulering for Brulandsvellene må det greiast ut tilhøve kring trafikkløysing for området. Planutvalet gjorde følgjande vedtak i møte den 22.06.2017 i sak 042/17:

 

 «Mål for utvikling av overordna vegsystem i området Sanderplassen og Brulandsvellene som gjer at alle får høve til å utvikle sine eigedomar utan at dette skjer til ulempe for andre:

  1. Utvikle kryss frå E39 i forhold til utvikling av Sanderplassen - Brulandsvellene storhandelspark, trafikktryggleik, miljø og marknadssituasjonen for nye og eksisterande verksemder.
  2. E39 skal vere minst mogeleg barriere i storhandelsparken, sikre god trafikkflyt og leggja tilhøva til rette for god kundetilgjenge på begge sider av E39. Trafikkløysingane skal vere tydlege og lett å lese.
  3. Valt alternativ skal ikkje skape nye problemsoner. Ei problemsone er ei sone der omsynet til trafikkavvikling og trafikktryggleik ikkje er ivareteke.»

 

Dokument i saka.

Snarvegar