Endring av områdereguleringsplan Indre Øyrane - BKB3 til høyring

Endring av planen gjeld tidlegare byggeområde BKB3 i sørvest ved Jølstra. Planframlegget legg til rette for oppføring av ny blokk for bustad og kontor med maksimal byggehøgde på 20 m (5 etasjar) på gbnr 21/466.

Planutvalet i Førde kommune har gjort vedtak om å sende framlegg til å endre områdereguleringsplan til høyring i to alternativ i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

 

Områdereguleringsplan Indre Øyrane vart vedteke den 28.03.2019. Byggeområde BKB3 var med i framlegg til områdeplanen som var på høyring, men bystyret valde å ta ut dette området i planvedtaket. Førdegården AS søkjer no om å ta byggeområdet BKB3 inn igjen i områdeplanen med m.a. 5 etasjar slik planutvalet rådde til i møte den 21.03.2019 sak 008/19. Endringa gjeld berre dette området, og planutvalet har vedteke å sende to alternativ på høyring.

 

Planframlegget legg til rette for oppføring av ny blokk for bustad og kontor med ein utnyttingsgrad på 100 % bebygd areal og maksimal byggehøgde er 20 m (5 etasjar). Framlegget viser byggegrense i sør som ligg på linje med byggegrense for naboeigedom i aust, men søkjar ynskjer å bygge utanfor denne for 3-5 etasje. Planutvalet har vedteke å sende to alternativ på høyring der plankartet er det same for begge alternativa. Det er knytt ulike rekkjefølgjekrav til gjennomføring av tiltaket.

 

Området er samla ca. 0,7 dekar, og ligg ved elva Jølstra og den sørlege delen av utløpet til Løken, og gjeld gbnr 21/466.

 

Plankart (PDF, 5 MB)

Føresegn alternativ 1 (DOCX, 78 kB)

Føresegn alternativ 2 (DOCX, 78 kB)

Dokument i saka.

 

Reguleringsføresegner og plankart er endra medan planomtale, risiko- og sårbarheitsanalyse og andre dokument, som låg ved områderegulering Indre Øyrane, er dei same som tidlegare. Det er utarbeidd solstudie for blokk på 4 og 5 etasjar. Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

 

Vedtak av ny reguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande reguleringsplan Øyra gbnr 21/456 m. fl. av 2001.

 

Endring av planen ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 03.07. – 25.08.2019. Planen er tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset, og på servicetorget til Førde rådhus.

 

Send eventuelle merknadar på elektronisk skjema, via e-post: postmottak@forde.kommune.no eller per post:

Førde kommune, postboks 338, 6801 Førde

innan 25. august 2019.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar