Detaljreguleringsplan Fv. 481 Angedalsvegen del 1

Klikk for stort bilete

Planutvalet vedtok i møte 13. juni 2019 å legge planforslaget Detaljreguleringsplan Fv. 481 Angedalsvegen del 1 ut på høyring. Fristen for å gi innspel er 3. september 2019. Illustrasjon: Normalprofil for Angedalsvegen. 

Om planforslaget

Detaljreguleringsplan for del av fv. 481 Angedalsvegen mellom Vaskarvollen og nesten til krysset til Presteholten, ei lengd på om lag 400 meter. Planen viser fortau med separat sykkelveg og køyreveg. Gang og sykkelvegen ligg på oppsida av Angedalsvegen. Dette gir god og trafikksikker framkomst for gåande og syklande, noko som er vesentleg sidan dette er ein skuleveg.

Veglinja vert om lag slik den er i dag, men veganlegget vert heva inntil 0,5 meter for å kome klar 200 års flaum med klimapåslag. Bygging av denne løysinga gjer at ein må løyse inn 3 eigedommar og rive tilhøyrande bustadhus. Fleire eigedommar og bygningar får vegløysinga mykje nærmare seg enn slik tilhøva er i dag. Angedalsvegen er delt i 2 reguleringsplanar, men vil bli utbygd som eitt samla prosjekt.


Følgjande reguleringsplanar vert delvis erstatta av planforslaget:

Kyrkjevegen aust, vedteken 13.07.2000, Presteholten, vedteken 25.09.1974, Presteholten, endring gbnr 21 – 139, vedteken 09.07.1986, Prestebakken terrasse, vedteken 21.01.1997.

Følgjande reguleringsplanar vert delvis erstatta av planforslaget:

Kyrkjevegen aust, vedteken 13.07.2000, Presteholten, vedteken 25.09.1974, Presteholten, endring gbnr 21 – 139, vedteken 09.07.1986, Prestebakken terrasse, vedteken 21.01.1997.

Høyringsperiode

Planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 25.06 – 03.09..2019. Planen er tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset, og på servicetorget til Førde rådhus.

Slik kan du sende innspel

innan 3. september 2019.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar