Detaljregulering Rv. 5 Klettatunnelen 2

Klikk for stort bilete

Planutvalet vedtok i møte 13. juni 2019 å legge planforslaget for Klettatunnelen ut på høyring. Fristen for å gi innspel er 3. september 2019. Det blir invitert til ope møte om planforlaget 25. juni på Førde rådhus. Illustrasjon: Statens vegvesen

Nytt planforslag for Klettatunnelen

Planforslaget legg til rette for ein lengre gang- og sykkeltunnel enn det tidlegare plan legg opp til. Planen viser separat gang – og sykkeltunnel og nytt samankoplingspunkt med eksisterande gang- og sykkelveg. Tunnelen vert ca. 450 meter lang og tunnelportalen (opninga) vert i nærleiken av Stranda burettslag.

Tunneportalen i sør (Korsen-sida) vert slik den ligg i vedteke reguleringsplan. Planen viser også  eit ganske stort mellombels anleggs- og riggområde ved tunnelportalen. Det er lagt inn ein ny parkeringsplass til Stranda burettslag. Det er lagt inn ein sti frå Hornnesvegen og til ny gang- og sykkelveg gjennom friområdet. Dette blir ein snarveg som vil vere attraktiv for mange. 

Reguleringsføresegner og plankart vil verte juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.

Følgjande reguleringsplanar vert delvis erstatta av planen:

  • Bergum – Hornnes nord vedteken 21.04.1975, Kletten gs-tunnel vedteken 26.10.2017, Hundvebakke vedteken 01.11.1973. 
     

Høyringsperiode

Planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 25.06–03.09..2019. Planen er tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset, og på servicetorget til Førde rådhus.
 

Ope møte om planforlaget 25. juni 

Planforslaget vert presentert i ope møte 25. juni 2019, klokka 18.00–19.00 på Førde rådhus, møterom i 4. høgda. Bruk utvendig trapp. 

Slik kan du sende innspel


innan 3. september 2019

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar