Detaljregulering Hafstad del av gbnr 61/8 er vedteke

Planen legg til rette for å føre opp ei ny blokk for kontor og tenesteyting på 3-5 etasjar aust for Hafstad vidaregåande skule og nord for europaveg 39. Tilkomst til området vil skje frå ny gate i nord.

Bystyret i Førde kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Hafstad del av gbnr 61/8 den 23.05.2019.

 

Planområdet på ca. 7,5 dekar ligg aust for Hafstad vidaregåande skule, nord for E39/Hafstadvegen. Planen regulerer området til kontor og tenesteyting. Det kan førast opp bygg/blokk med maksimal byggehøgde på 22,5 m (5 etasjar), og minste byggehøgde på 3 etasjar. Maksimal bebygd areal BYA er sett til 70 %. Det er regulert offentleg gate med fortau og anna vegareal i nord. Tilkomst til området vil skje frå ny gate i nord. Parkering og interne vegar vil bli løyst innfor planområdet

 

Føresegner og plankart er juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

 

Dokument i samband med vedtak av saka.

 

Planen vil erstatte delar av reguleringsplan Hafstad bydel av 2009.

 

 

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan tre veker frå kunngjering.  Ev. klage sendast til Førde kommune, Planutvalet, postboks 338, 6802 Førde

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar