Detaljregulering for Del av sentrum søraust til høyring og offentleg ettersyn

Planutvalet i Førde kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering for Del av sentrum søraust til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for ei vidareutvikling av eigedommane Hafstadvegen 44, 46 og 48 og Fjellvegen 9 til sentrumsføremål, slik som kulturhus, forretning, kontor, offentleg og privat tenesteyting og servering.

Planområdet er på om lag 11 daa og framlegg til detaljregulering inneheld planomtale, reguleringsføresegner, plankart, VA-rammeplan, illustrasjonar og ROS-analyse.

Framlegg til detaljregulering finn ein her.

Høyringsfrist:

19. september 2019.

Send merknadar på elektronisk skjema, via e-post: postmottak@forde.kommune.no eller per post:

Førde kommune

Postboks 338

6802 Førde

Planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 06. juli 2019 - 13. september 2019. Planen er tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset, på Servicetorget til Førde kommune og på kommunen sine nettsider

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar