Detaljregulering Flomstunet til høyring og offentleg ettersyn

Planutvalet i Førde kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering for Flomstunet til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for fire etasjar på eksisterande bygg på gbnr. 61/117 og 61/53, samt renovere delar av eksisterande bygningsmasse. Det skal leggast til rette for kontor i dei øvste etasjane, medan dagens drift med butikklokale/treningssenter skal vidareførast i dei nedste etasjane.

Planområdet er på om lag 2 daa, og framlegg til detaljregulering inneheld planomtale, reguleringsføresegner, plankart og ROS-analyse.

Forslag til detaljregulering finn ein her.

Høyringsfrist:

13. september 2019

Send merknadar på elektronisk skjema, via e-post: postmottak@forde.kommune.no eller per post:

Førde kommune

Postboks 338

6802 Førde

Planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 06. juli 2019 - 13. september 2019. Planen er tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset, på Servicetorget til Førde kommune og på kommunen sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar