Detaljregulering E39 Fjellvegen – Hafstadvegen

Klikk for stort bilete

Planutvalet vedtok i møte 13. juni 2019 å legge planforslaget Detaljregulering E39 Fjellvegen - Hafstadvegen ut på høyring. Fristen for å gi innspel er 3. september 2019. Illustrasjon: Multiconsult

Om planforslaget

Planforslaget er omfattande, men gir samstundes eit godt grunnlag til å utvikle området Sentrum sør til ein attraktiv og aktiv bydel. Planen legg opp til at Hafstadvegen vert ei gate der gåande får eigne område å vere på. Det vert torgplassar for opphald og aktivitet, medan bilane får mindre plass. Hovudtraseen for sykkel i Førde går gjennom planområdet.


På E39 skal dei ulike kryssa utbetrast slik at dei vert meir trafikksikre. Begge kryssa med Hafstadvegen vert flytta litt på. Det vert ny tilkomst for bilar til Lysthaugen, litt aust for bustadane. Dagens tilkomst vert ein gang og sykkelveg.


Løysingane i planen legg opp til at ein del parkeringsplassar forsvinn. I desse dagar vert ei ordning for parkering greidd ut for Førde sentrum.

Reguleringsføresegner og plankart vil verte juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.

Følgjande regulerings- og utbyggingsplanar vert delvis erstatta av planen:

Reguleringsplanar:
Teigen – Storehagen vedteken 20.12.1983, Ytre Hafstad vedteken 22.10.1991, Naustøyna vedteken 25.07.1996, Elvevegen vedteken 24.04.2003, Fjellvegen - Lysthaugen Sør vedteken 17.06.1992, Bystien vedteken 24.10.2012, Rådhuskvartalet vedteken 19.08.2011, Del av sentrum søraust vedteken 19.06.2003, Elveplassen vedteken 21.04.2000, Langebrutorget – Viking vedteken 27.02.2003, Hafstadvegen aust vedteken 17.07.1997, Leirdalen vedteken 23.09.1992, Førde Yrkesskule vedteken 08.11.1984, Leirdalen B1, reguleringsendring vedteken 11.05.2007, Hafstad bydel vedteken 26.03.2009, Hafstadflata, - del av gbnr.61/8 vedteken11.12.2003, Hafstadvegen 39, 41 og 43 vedteken 21.02.2018

Utbyggingsplanar:
Hafstadhagen vedteken 09.06.2005, Hafstadvegen 35-39 vedteken 25.01.2007, Hafstadvegen 44 og 46 vedteken 30.03.2004
 

Høyringsperiode

Planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 25.06 – 03.09.2019. Planen er tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset, og på servicetorget til Førde rådhus.
 

Slik kan du sende innspel

innan 3. september 2019

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar