Visma pålogging

Frå 1. januar 2017 har Førde kommune gått over til nytt økonomi- og personalsystem (Visma expence). Alle tilsette vil få tilgang til opplysningar om seg sjølv via Visma si web-løysing (Min side).

 

Her vil du mellom anna finne lønsslippen din og tilsetteopplysningar om deg sjølv. Du skal òg levere reiserekningar gjennom den nye løysinga. 

 

Korleis loggar eg meg på?

Første gong du loggar deg på, må du gjennom nokre steg før du får tilgang til Min side. 

NB! Dei som er attestantar/godkjennarar har allereie fått Vismatilgang og loggar seg på med brukarnamnet og passordet dei har i citrix. 

 

Dette er framgangsmåten for dei som loggar seg på for første gong:
 

1. Du går inn på lenka:

https://vismaforde.sysikt.no/enterprise
 

2. Skriv inn namnet ditt under "Brukernavn" (fornamn, eventuelt mellomnamn og etternamn).

 

3. Trykk på "Glemt brukernavn/passord".

Skjermdump Visma 1 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

4. For å få eit nytt passord skriv du inn e-postadressa di og trykk Send. Du vil motta ein e-post med instruksjonar på korleis du skal fullføre prosessen.

Skjermdump Visma 2 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

5. Du får først ein e-post som du skal verifisere. Deretter får du ein e-post med eit passord du kan logge deg på med. 

 

6. Når du loggar deg på med det tilsendte passordet blir du tvinga til å endre passord

 

No har du fått tilgang til Min side, der du mellom anna finn lønsslippen din under "dokument" og tilsetteopplysningar om deg sjølv. Du skal òg levere reiserekninga di gjennom den nye løysinga. 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 02.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Terje  Guddal
Leiar, Rekneskap og skatt

Snarvegar

 
 
Login for redigering