Oppsummering - Sykle til jobben 2017

Sykkelbuff  - Klikk for stort bilete

Då er Sykle til jobben-aksjonen over for i år. Aksjonen varte i tida 19. april til 17. juni. Tusen takk til alle som deltok, og velkomen igjen til neste år. 

Førde – første gong som gratiskommune

I år kunne alle som bur eller jobbar i Førde kommune melde seg på den landsomfattande aksjonen Sykle til jobben utan å betale deltakaravgift. Du kunne sykle eller gå til jobben, padle eller på anna vis nytte kroppen på veg til jobb.

 

Du kunne i tillegg registrere anna fysisk aktivitet som sykkel- eller fjellturar, rusleturar med hunden eller harde økter på treningsstudio. All aktivitet gav poeng. 

 

Sykkelbyen Førde og Scandic Sunnfjord Hotel & Spa samarbeidde om aksjonen i år, og hadde markering utanfor Førde rådhus ved aksjonsstart 19. april. 

 

Status deltaking i Førde 

  • 150 påmelde deltakarar
  • 118 aktive deltakarar
  • 16 841 kilometer registrert
  • 201 695 minuttar registrert
  • 4 153 økter registrert


Toppliste – bedrifter i Førde

Du kunne melde deg på som individuell deltakar eller som del av eit lag eller bedrift. Her ser du rangering av bedriftene i Førde:

  1. Førde kommune, 977 poeng
  2. Naustdal Dampbakeri, 496 poeng
  3. Helse Førde, 484 poeng
  4. Halbrend barnehage, 289 poeng
  5. ATEA AS, avd. Førde, 177 poeng
  6. Tusenfryd barnehage, 111 poeng
  7. Fjordane tingrett, 2 poeng
     

Status deltaking i Sogn og Fjordane

  • 550 deltakarar påmelde
  • 466 aktive deltakarar
  • 79 239 kilometer registrert
  • 1 159 790 minuttar registrert
  • 21 147 økter registrert
     

Status deltaking i landet

  • 40 738 deltakarar påmelde
  • 34 572 aktive deltakarar
  • 9 986 410 kilomet registrert
  • 84 008 368 minutt registrert
  • 1 547 244 økter registrert
 
Og igjen – Tusen takk til fantastisk innsats av dei som deltok i år!  
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 22.06.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering