Ofte stilte spørsmål

Tilsettespørsmål

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om sjukemelding, ferie, løn, pensjon og andre ting som gjeld arbeidsforholdet ditt i Førde kommune.
Eigenmelding ved eigen sjukdom - når kan eg bruke den?

Når du har vore tilsett i 2 månader, kan du bruke eigenmelding ved sjukdom. Hugs å ta kontakt med leiaren din første fråværsdag. 

Eigenmelding ved eigen sjukdom – når kan eg ikkje bruke den?
Du kan ikkje bruke eigenmelding 
  • før du har vore tilsett i 2 månader (før det må du ha sjukmelding)
  • dersom du samtidig har ei gradert sjukmelding
  • i forlenging av ei sjukmelding
  • når du har oppnådd maksdato
  • når du har brukt 24 eigenmeldingsdagar i løpet av siste 12 månader
  • når du har brukt 8 dagar med eigenmelding innanfor dei siste 16 dagane
 
Dersom du har vore sjuk i meir enn 16 kalenderdagar samanhengande (arbeidsgjevarperioden), må det gå 16 nye kalenderdagar før du kan bruke eigenmelding igjen.
 
Sjuke barn - når kan eg vere borte frå arbeid på grunn av sjuke barn?
Når du har vore tilsett i 1 månad, kan du bruke eigenmelding i 3 samanhengande kalenderdagar om du har sjuke barn under 12 år. Frå 4. dag, må du levere legeerklæring på at barnet er sjukt. Dette gjeld også om den som til dagleg passar barnet, er sjuk.
 
Kor mange dagar du har rett til å vere heime med sjuke barn totalt i løpet av eit år, vil variere med tal barn og omsorgssituasjon.
 
Sjukmeldt i eitt år - kva skjer då?
Når du har vore sjuk i eitt år får du vanlegvis inntil eitt års permisjon utan løn, og om sjukdomen varer utover dette kan du få permisjon i ytterlegare eitt år.
Vilkår for å få permisjon er at du er under behandling og at det er utsikt til betring. 
 
Du søkjer enten permisjon i denne perioden eller gir din leiar kopi av vedtak frå NAV om  arbeidsavklaringspengar eller kopi av skriv frå KLP/SPK om du har fått innvilga mellombels uførepensjon. 
 
Er det ikkje noko betring i helsesituasjonen din etter to år, vil arbeidsgjevar vurdere oppseiing eller du kan seie opp stillinga di sjølv. 
 
Permisjon - kva permisjon har eg rett på?

Alle permisjonar du kan søkje om står i permisjonsreglementet. Det finn du i Personalhandboka kap 6

Ferie - har eg rett på å få tilbake ferien ved sjukdom?
Er du 100 % sjukmeldt når ferien starter, kan du krevje å få utsatt ferien. Er du derimot gradert sjukmeldt, skal du ta ferie som planlagt. 
 
Er du 100 % sjukmeldt minst ein arbeidsdag i ferien, har du rett på å få den igjen seinare. Er du på ferie i utlandet i eit EØS-land, er føresetnaden at du kan dokumentere sjukdommen med legeattest frå feriestaden. Sjukmelding frå fastlege vil ikkje gjelde. Attesten må du leggje fram for einingsleiaren din når du starte opp igjen i arbeid. Om du ferierer i eit land utanom EØS, får du ikkje erstatta ferien.
 
Du får berre erstatta tal dagar du har vore sjukmeldt.
 
Ferie - kor mange dagar kan eg overføre til neste år?

Du kan søkje om å overføre inntil 17 virkedagar ferie til neste år. Du har ikkje noko krav på å få overført ferie, arbeidsgjevar avgjer. Du må søkje om overføring i god tid.

Løn - om eg har fått utbetalt for mykje eller for lite løn - kva gjer eg då?

Ta kontakt med einingsleiar. 

Skade - kva skal eg gjere om eg skadar meg i eller utanfor arbeidstida?
Det er litt ulike rutinar ut frå kor alvorleg du skader deg og om det er i eller utanfor arbeidstida. Uansett så kontaktar du din leiar som hjelper deg med å fylle ut alle skjema.  Vi har omtala dette i Personalhandboka kap. 10.4.
 
Forsikringar - kva forsikringar har eg i Førde kommune?
Som tilsett i Førde kommune har du følgjande forsikringar:
  • Gruppelivsforsikring som gjeld utbetaling ved dødsfall.
  • Yrkesskadeforsikring (lovfesta) som gjeld medisinsk invaliditet, ervervsuførheit og dødsfall som følge av yrkesskade/yrkessjukdom i arbeid på arbeidsstaden i arbeidstida. 
  • Tariffbestemt yrkesskade omfattar det same som yrkesskadeforsikring, men gjeld på direkte reise til/frå arbeid og på tenestereise.
  • Ulykkesforsikring på fritid.
  • Tenestereiseforsikring.
 
Sjå eigen brosjyre om forsikringane i personalhandboka kap. 10.1 
 
Pensjon - om eg lurer på noko her, kven tek eg kontakt med?

Pensjonskontakt i Førde kommune er Audhild Oli Helgås, ahe@forde.kommune.no, tlf 57 61 26 69. Ta kontakt om du har spørsmål eller har behov for rettleiing når du skal søkje.

Rus på arbeidsplassen - om eg ser ein medarbeidar som eg trur er rusa, kva bør eg gjere då?

Då skal du kontakte din leiar og informer han/ho kva du har sett/observert. Du kan og kontakte AKAN- kontakten i eininga di. 

Avvik - korleis skal eg melde det?
Du går inn på Innsida (må vere pålogga) - klikkar på Rettesnora - klikkar på avvik.
Då opnar kommunen sitt elektroniske avvikssystem seg, og du rapporterer avviket innanfor den rette kategorien. Du kan også melde avviket på papirskjema, kontakt leiaren din.
 
Varsling av kritikkverdige forhold - kva er varslingssaker og korleis melder eg dette?
Å varsle er å seie frå om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Døme på kritikkverdige tilhøve kan vere:
  • Tilhøve som kan føre til fare for liv og helse
  • Mobbing og trakassering
  • Korrupsjon
  • Maktmisbruk
  • Underslag, tjuveri og økonomisk misleghald
  • Brot på teieplikt
  • Diskriminering
Førde kommune nytter elektronisk system for varsling. Du går inn på Innsida (må vere pålogga) - klikkar på Rettesnora - klikkar på avvik og velger Varsling av kritikkverdige tilhøve. Varselet vert sendt til rådmannen. Sjå og prosedyre nr 11 i HMS-handboka.
 
Hovudtillitsvalde og hovudverneombod - kor finn eg oversikt over dei?
Lista ligg og på Innsida i rommet Tillitsvalde (må vere pålogga).
 
Oppseiing - kor lang oppseiingstid har eg?
Oppseiingstid

Vanlegvis gjeld desse oppseiingstidene, men du kan også bli enig med leiaren din om ei anna oppseiingstid. 
 
Tilsettingsforhold Frist arbeidstakar/arbeidsgjevar
Fast tilsett 3 månader
Mellombels tilsett 1 månad
Mellombels tilsett i inntil 2 månader 14 dagar
Ved skriftleg tilsetting med inntil 6 månaders prøvetid 14 dagar i prøvetida
Fast tilsett med minst 10 års samanhengande teneste i kommunen og etter fylte 

Frist for arbeidsgjevar:

  • 50 år - minst 4 månader
  • 55 år - minst 5 månader
  • 60 år - minst 6 månader

Frist for arbeidstakar:

  • uansett alder - 3 månader

 

 

Lov og regelverk som styrer tilsettingsforholdet mitt i Førde kommune - kor finn eg det?

Innsida er kommunen sitt intranett og her vil du finne Personalhandboka og HMS-handboka. Du må vere pålogga for å få tilgang til Innsida. I tillegg har vi lagt ut ein del av Lov og avtaleverket på kommunen si internettside under For tilsette. Her kan du lese og laste ned dokument utan å vere pålogga. 

Kompetansetillegg - kva er det?
Kompetansetillegg er eit lønstillegg som du kan få om du tar relevant vidareutdanning. Du kan få frå 5000 – 20 000 kroner avhengig av omfanget av utdanninga. Fullstendige retningslinjer for kompetansetillegg finn du i Førde kommune sin lønspolitikk (PDF, 232 kB)
 
Politiattest - kven treng det?
Om du jobbar i barnevern, ungdomsklubb, barnehage, skule, kulturskule, PPT eller innan pleie og omsorg, skal du levere politiattest før du startar å arbeide. 
 
Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader. Du må søkje politiattest elektronisk på www.politi.no. For å søkje må du leggje ved «Stadfesting av føremålet med politiattest». Denne stadfestinga får du ved å vende deg til einingsleiar der du skal starte i jobb/jobbar.
 

Snarvegar

 
 
Login for redigering