Fag og fjas 2017

Velkomen til Fag og fjas laurdag 1. april 2017!

Påmelding

Vi starter påmelding 15. februar kl. 18:00 – med påmeldingsfrist 1. mars kl. 15:00.
 
 

Her er lenke til påmelding Fag og fjas 2017

 
 



Informasjonsmateriell vart sendt ut til einingane 6. februar. I tilegg vil vi sende ut meir informasjon på e-post.
 
 
 

Føredragshaldar og aktivitetar

Vi har ein spennande føredragshaldar i år som vi er sikker på vil skape god stemning.
 
Når det gjeld aktivitetar, så har vi framleis mange av dei «gamle» populære, samtidig som vi og har ein del nye som vi trur vil slå godt an. Her finn du alle aktivitetane på Fag og fjas 2017 (PDF, 40 kB)
 
 
Husk; føremålet med aktivitetane er å gjere ting som ein normalt ikkje gjer saman med andre som ein normalt ikkje omgås.
 
 
Det kan skje endringar når det gjeld aktivitetar, så det er viktig at du jamleg sjekkar e-posten din for endringar.
 
 

Middag og fest

Vi opnar Førdehuset kl. 19:00, og kl. 19:30 presis starter vi festen med eit overraskande opningsnummer i idrettsalen.
 
 
Nytt av året derimot er at etter festmiddagen, så vil dansen skje i festsalen med vrimleareal i foajeen.
 
 
Tilbakemeldingane har vore at idrettssalen vert litt for stor og bråkete under dansen. Derfor prøver vi å samle oss i eit mindre lokale.
 
 
Musikken i år vil vere kombinasjon av band og Dj, og vi vil skape ein god 80- og 90- talls stemning i festsalen!  
 
 
Arrangementskomitéen håper at så mange som mogleg av Førde kommune sine tilsette og politikarar har høve til å delta og vere saman denne laurdagen!
 
 

Helsing Arrangementskomitéen:

  • Catrine Vagstad
  • Solveig Heggheim
  • Trude Skarvatun
  • Jan Birger Moe
Publisert av Jan Birger Moe. Sist endra 15.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

bilde av personen: Jan Birger Moe
Leiar, Personal- og serviceeininga

Snarvegar

 
 
Login for redigering