Om innlogging
For å nytte digital sjukmelding, må du ha BankID, Buypass eller Commfides. Ta kontakt med banken din, dersom du ikkje har BankID.
Om du ikkje kan skaffe deg nokon av innloggingstenestene kan du ikkje nytte digital sjukmelding. Då må du levere sjukmeldinga di på papir som før. Det same gjeld om den som sjukmelder deg, ikkje kan bruke digital sjukmelding.
Om du vert sjukmeldt:
-
Når du er hos legen og får ei sjukmelding, må du syte for å få ei sjukmelding for kvar av stillingane du vert sjukmeldt i.
-
Du får melding på e-post og/eller SMS frå NAV når du har fått digital sjukmelding.
-
Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga, sjekk at sjukmeldinga er OK og send den vidare til arbeidsgjevar.
-
Når sjukmeldinga går mot slutten, vil du få varsel på e-post og/eller SMS frå NAV om at du må sende inn krav om sjukepengar.
-
Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga og send inn krav om sjukepengar (tidlegare del D av sjukmeldinga).
Meld frå til leiar slik som før
Om du vert sjuk og ikkje kan møte på jobb, skal du som før ta kontakt med nærmaste leiar og melde frå om fråværet så snart som mogleg. Her er det ingen endringar i rutinane.
Meir om digital sjukmelding
Om du har behov for hjelp, ta kontakt med leiaren din.