Ofte stilte spørsmål

Svangerskapsomsorg

Ofte stilte spørsmål:
Må eg gå til lege før eg kontaktar jordmortenesta?
Du kan velje om du vil nytte lege eller jordmor ved den første kontrollen. Det er tilrådd å ha denne kontrollen mellom 8 til 12 veker etter siste menstruasjon. Etter dette, er det vanlegvis jordmor som har dei vidare kontrollane, men du kan også velje å gå til lege i staden.
Kostar det noko å gå ti svangerskapskontroll?
Nei, kontrollar både hjå lege og jordmor er gratis når du er gravid.
Kva tid på dagen kan eg få time hjå jordmor?
Jordmor har vanlegvis timeavtalar mellom 08.30 og 15.30. Ta kontakt med ekspedisjonen på helsestasjonen for å høyre kor tid det er ledig tid.
Får eg oppfølging av den same jordmora under heile svangerskapet?
Vi prøver så langt som mogeleg at du har den same jordmora under heile svangerskapet, men det vil kunne skje at du også må gå til ulike jordmødre, t.d. ved sjukdom eller vakanse i stillinga.
Kvar held jordmor til?
Jordmor har kontor på Førde helsestasjon, 3. etasje i Førde rådhus, Hafstadvegen 42. For bestilling av time, tar du kontakt i ekspedisjonen i 3. etasje eller pr telefon 57 72 21 30.

Snarvegar

 
 
Login for redigering