Skulefritidsordning (SFO)

Vi har tilbod om skulefritidsordning (SFO) for barn i 1. - 4. klasse og for barn med funksjonshemmingar i 1. - 7. klasse. Dersom det ikkje er SFO på skulen til barnet ditt, kan du få tilbod på ein anna skule. SFO følger skuleåret. Alle som søker får plass. 

 

Planleggingsdagar i SFO 2019/2020

  • 31. mai 2019
  • 14. august 2019: Fellesdag i Sunnfjord kommune
  • 15. august 2019: Intern dag på eigen skule
  • 16. august 2019: Intern dag på eigen skule
  • 7. oktober 2019
  • 22. mai 2020

Alle dagar er lagt til elevfrie dagar som er sett opp i skuleruta. 

Slik søker du

  1. Du søker elektronisk om SFO-plass. Søknadsfrist er 1. april for nye søkarar. 

    Bruk det elektroniske søknadsskjema
     
  2. I tillegg til den elektroniske søknaden må du fylle ut eit papirskjema der du skriv kva timar barnet ditt skal vere på SFO. Skjema med detaljert timeplan for kvar klasse finn du på nettsida til den enkelte skule.  

Om du treng hjelp til å søke, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00 eller på chat/nettprat


Du må logge deg inn for å søke. Du loggar deg inn med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides) eller via Feide. Sjå rettleiing for føresette til Visma Flyt Skule (PDF, 346 kB)

Du får svar elektronisk

Alle som søker får plass. Du finn vedtak om innvilging av plass om du loggar deg inn på Visma Flyt Skule.

Opningstider på SFO

Opningstida er frå klokka 07.15 til skulestart og frå skuleslutt til klokka 16.15. Sunde skule har opningstid på SFO fram til klokka 16.30. 

Hugs at du må melde deg på særskilt om du ønskjer ferietilbodet. SFO har stengt 4 veker i juli. 

Dersom du skal endre eller seie opp plassen

Du må logge deg inn på same plassen som du søkte om plass for å endre frå til dømes A-tilbod til C-tilbod.

Dersom barnet ditt skal ha same tilbodet neste skuleår, treng du berre fylle ut papirskjemaet til skulen som gjeld endring i timeplanen. 

Oppseiingsfristen er ein månad. Du må logge deg inn for å seie opp plassen din. Seier du opp før den 1. eller 15. i månaden, vil oppseiinga gjelde frå den 1. eller 15. i påfølgande månad. Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 31. mars. 

Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på ein månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med skulen om du har spørsmål om SFO-tilbodet. Gjeld spørsmålet ditt faktura kan du ringe Servicetorget på 57 72 20 00.  

SFO Betalingssatsar 2019
SFO
Tilbod Innhald Prisar
A-tilbod 1. og 2. klasse Før og etter skuletid + feriar i skuleåret kr 2985
A-tilbod 3. og 4. klasse Før og etter skuletid + feriar i skuleåret kr 2835
B-tilbod 20-26 timar per veke kr 2670
C-tilbod 15-20 timar per veke kr 2290
D-tilbod 10-15 timar per veke kr 1870
E-tilbod 0-10 timar per veke kr 1350
Sommartilbod Tilbod 4 veker kr 3570
Sommartilbod Ei heil veke kr 1140
Kjøp av enkeltdagar kr 285
Gebyr Gebyr for å hente for seint - per gong kr 100
Det er ingen søskenrabatt på SFO

Klage 

Er du misnøgd med tilbodet, kan du klage til kommunen. Forklar kva du er misnøgd med. Treng du rettleiing, ring Servicetorget på 57 72 20 00. 

Fann du det du leitte etter?