Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Alminneleg reingjering av rom som er i dagleg bruk; golvvask, støvsuging og vask av bad/WC. 
  • Hjelp til vask av kle i vaskemaskin.
  • Skifte av sengekle.
  • Hjelp til å handle inn nødvendige hushaldsvarer ved bruk av konto på butikk. Handling vert utført etter liste frå deg. Handling vert som hovudregel utført ein gong per veke.
     

Korleis søkje?

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt  (PDF, 18 kB)og levere den med søknaden.
     

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om heimehjelp:

Gå til søknadsskjema> (PDF, 573 kB)

 

Send søknad til:

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

 

Kva kostar det?

  • Det er eigenandel på heimehjelp. Dette er regulert etter inntekt i husstaden.
  • Eigendelen vert fastsett av bystyret kvart år.
Heimehjelp Betalingssatsar 2018
Heimehjelp
InntektTimesatsMakspris per månad
Under 2 Gkr 205
2 til 3 Gkr 170kr 1950
3 til 4 Gkr 250kr 2650
4 til 5 Gkr 260kr 2960
Over 5 Gkr 270kr 3150

Grunnbeløp i folketrygda (G)
 

Kva skjer vidare?

  • Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi vil ta kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging av dine behov for hjelp. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter vert det gjort eit vedtak.
  • Vi behandlar saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. 
     

Kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester

 

Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.  
 

Oppgåver som heimehjelp ikkje inkluderer

  • stryking av klede
  • reingjering av område over "skulderhøgd" eller av rom som ikkje er i bruk
  • opplæring til hushald
  • hagearbeid
  • nedvask
  • baking
  • rydding og vasking etter friske pårørande eller besøkjande
  • hjelp til kjæledyrhald
  • flytting av bossdunkar i fellesareal
  • frakting av boss til bossfylling
  • gjere i stand til høgtider
  • flytting av møblar
     

Praktisk informasjon om heimehjelp 

For spørsmål, kontakt:

  • Leiar Tildelingseininga Gry Aase Alnes: tlf. 57 61 27 87/959 51 766, kvardagar 09:00–15:00
  • Heimetenesta: tlf. 57 02 12 70 heile døgnet
Publisert av Tildelingseininga. Sist endra 13.02.2018 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?