Vaksinar

HPV-vaksine

Alle kvinner som er fødde 1991 og seinare har frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. 

 

Ta kontakt med Førde Legesenter på telefon 57 72 21 50 eller Førde helsestasjon, telefon 57 72 21 30 for å bestille time for vaksinering. Du finn meir informasjon om HPV og HPV-vaksine på Folkehelseintituttet sine nettsider

 

Sesonginfluensa

Kvart år tilbyr Førde Legesenter vaksinering mot sesonginfluensa. Det blir annonsert nokre ettermiddagar der du kan møte opp og ta vaksina. Om du ikkje kan møte på dei oppsette tidspunkta kan du ta kontakt med legesenteret for å avtale anna tidspunkt.  

 

Reisevaksinar

Det kan vere aktuelt å friske opp eller ta nye vaksinar før ei reise. Vaksinar mot polio, stivkrampe, kikhoste- og difteri bør uansett friskast opp kvart 10 år.

Ta kontakt med Førde Legesenter, telefon 57 72 21 50 om kva reisevaksine du treng. Fint om du fyller ut skjema før du kjem til rådgjevingstimen.

No er det mogleg å sjekke din eigen vaksinasjonsstatus under Mine vaksiner.  


Hugs å bestille time i god tid.
 

> Sjå også: Prisar, Førde Legesenter

 

Barnevaksinar

Alle barn som blir født i Norge, får tilbod om å vere med i barnevaksinasjonsprogrammet.
 

Førde helsestasjon, telefon 57 72 21 30, utfører grunnvaksine til barn.
 

> Sjå også: Vaksinasjon av barn - Folkehelseinstituttet