Barnehagane i Førde

Barnehageopptak 2019

Alle som har søkt om barnehageplass i årets opptak får plass. 

Vi har hatt litt oppstartsproblem med det nye systemet, og det er ikkje sikkert svarmeldingane på e-post har fungert. 

Ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00, eller med ein av barnehagane om du har spørsmål. 

Søknadsfrist er 1. mars til hovudopptaket

Førde kommune har eitt felles opptak for alle dei 15 barnehagane. Hovudopptaket gjeld i utgangspunktet for ledige plassar frå august 2019. 


Finn fram fødselsnummeret (11 siffer) til både barn og føresette før du byrjar å søke. 

Søk om barnehageplass >


Søker du plass utanom hovudopptaket kan du søke heile året. Du står på søkarlistene til du får tilbod om barnehageplass, eller sjølv slettar søknaden. 


Ring Servicetorget på 57 72 20 00 eller kontakt oss på chat/nettprat om du treng hjelp til å søke, har spørsmål eller treng tilgang til datamaskin. 
 

Finn barnehagene i kartet om du vil sjå kor dei er i Førde kommune. 

 

Kven har rett på barnehageplass?

  • Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november 2019.
  • Det må vere søkt om barnehageplass innan 1. mars 2019.

Dersom barnet ditt får plass, må de vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen. 

 

Du får svar elektronisk

Tilbodet om barnehageplass får du via e-post. For å svare på tilbodet må du logge deg på den same sida som for søknaden om barnehageplass. Ha klar BankID, MinID eller anna pålogging. 

 

Søker du innan 1. mars får du svar på søknaden i mars/april. 

 

Kva for kriteria/vilkår vert barnehageplass tildelt etter?

Dei fleste barn vert prioritert etter alder, og barnehagane prioriterer barn som har søsken i same barnehage. Nokre grupper har prioritet ved opptak i alle barnehagane:

  • Barn som har nedsett funksjonsevne. 
  • Barn som har vedtak etter lov om barneverntenester. 
  • Det er sjukdom eller andre store belastningar i familien.
  • Alder, eldste barn vert prioritert først.
     

Dei kommunale barnehagane har vedtekter om opptakskriteria (PDF, 33 kB).
 

Ved søknad om opptak etter prioritert kriterium skal det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. I dokumentasjonen skal det gå klart fram kvifor barnet har særleg behov for barnehageplass. 

 

Dei private barnehagane har eigne opptakskriteria:

 


Nærleiken barnehage er kommunal frå 1. januar 2019.
 

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar kan du laste dei opp i søknadsportalen eller sende dei per post til:

Førde kommune
postboks 338
6802 Førde

Merk konvolutten "vedlegg til barnehagesøknad". Vedlegga må vere innsendt før 1. mars 2019

 

Prisar

Barnehage Betalingssatsar 2019
Tilbod Per månad Matpengar
100 % plass kr 2990 kr 300
80 % plass kr 2690 kr 240
60 % plass kr 2094 kr 180
50 % plass kr 1800 kr 150
40 % plass kr 1495 kr 120
Søskenmoderasjon 30 % for eitt søsken, 50 % for søsken nr. 2 og oppover

 

Har du spørsmål om prisar eller faktura?

Ring Servicetorget på telefon 57 72 20 00 om du har spørsmål om prisar aller faktura. 
 

Gratis kjernetid eller redusert foreldrebetaling 

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt. Ordningane gjeld både kommunale og private barnehagar. Her finn du informasjon om kven som kan søke og korleis du søker.  

 

Oppseiing av barnehageplass

Det er tre månader oppseiingstid, det vil seie oppseiingsmånaden pluss to påfølgande månader. Seier du til dømes opp i løpet av mai, gjeld oppseiinga mai, juni og juli. Seier du opp etter 1. mai, må du likevel betale ut barnehageåret. 

Akkurat no er det ikkje mogleg å seie opp barnehageplassen via Visma Flyt barnehage. Vi ber deg ber difor ta kontakt med styrar i barnehagen om spørsmål kring oppseiing.
 

Klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde.
 

Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal barnet få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klageutvalet i kommunen, som er klageinstans. Sjå også Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehagen. 

Fann du det du leitte etter?