Du treng ein attest for skatt og meirverdiavgift når du vil ha dokumentasjon på om verksemda di eller du personleg skuldar skatt/meirverdiavgift eller ikkje.
Du bestiller attest for skatt og meirverdiavgift gjennom nettsida til Skatteetaten.
Det er ofte eit krav ved innlevering av anbod at du skal sende med attest for skatt og meirverdiavgift. Du kan også trenge attesten ved søknad om skjenke- eller salsløyve av alkohol.