Sprek i Sunnfjord kommune 2019

Klikk for stort bilete

Vinnarbildet frå 2018: På veg ned igjen frå Blåfjellet og Steinkrossen i Naustdal kommune. Bildet er tatt av Hanne Holsen. 

Kva er sprek i Sunnfjord kommune?

Sprek i Sunnfjord kommune er eit fellestiltak for alle tilsette i dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune i 2020. 

Du samlar poeng ved å sjekke inn med mobilen på elektroniske postar på turmål i ditt nærområde eller om du tek turen til topps. 
 

Turmål/postar

  • Turmåla er kjente og kjære og ligg både i Førde, Gaular, Jølster, Naustdal, Askvoll, Fjaler, Gloppen, Høyanger og Flora kommune. Dei gir frå 1 til 3 poeng avhengig av om det er ein lett/tung tur.
  • Du vel sjølv kva rute du går for å kome til turmålet.
  • Når du har sjekka inn ein gong, må det gå 12 timar til neste gong du sjekkar inn på same turmålet.
  • Turmåla/postane vert aktive for innsjekking frå 1. april og til og med 31. oktober 2019.
  • Vi har også lagt inn dei turmåla som Titur Sunnfjord har, så her kan du slå to fluer i ein smekk!

 

Premiering

  • Vi trekker tre gåvekort på 500 kroner kvar månad. Du må ha samla 15 poeng i løpet av månaden for å vere med i trekninga.
  • Til slutt vert dei som har oppnådd 100 poeng i heile perioden med på ei trekning av tre gåvekort på 1000 kroner.
  • Legg du ut bilde på Instagram merka med #sprekisunnfjordkommune vert du med på trekning av eit gåvekort på 500 kroner. Flott om du også merkar bilda med  #sunnfjordkommune og #trimpoeng

 

Påmelding og eigendel

  • Dette er ein aktivitet der berre tilsette og politikarar i dei fire kommunane kan melde seg på.
  • For å melde deg på lastar du ned appen "Trimpoeng" på mobilen. Den er tilgjengeleg både for iPhone og Androidtelefon, men dessverre ikkje for Windowstelefon.
  • Du treng ein kode for å melde deg på. Årets kode finn du på intranettet eller ta kontakt med Servicetorget i Førde kommune på tlf. 57 72 20 00. 
  • Sjå rettleiing for korleis du lastar ned appen og melder deg på
  • Det er ein eigendel på 75 kroner for å vere med. Dersom du melder deg på og ikkje oppnår 15 poeng i løpet av heile perioden må du betale 125 kroner.
  • Når du har meldt deg på, godtar du samstundes at vi kan trekke eigendelen på løna di.
  • Du kan melde deg på frå 25. mars, men du kan tidlegast sjekke inn på turmåla 1. april.

 

Korleis sjekkar du inn på turmålet?

  • Du finn turmåla i appen. Når du er kome fram til turmålet, trykker du "Sjekk inn" i appen. Om innsjekkinga er vellukka, får du ei kjekk tilbakemelding på det.
  • Hugs å aktivere stadteneste/GPS-posisjon på mobilen din før du startar turen. Dersom du skal til eit område med dårleg mobildekning, kan det vere lurt å opne turmålet før turen startar.
  • Får du ikkje sjekka inn på turmålet, send ein e-post til sprek@forde.kommune.no, så registrerer vi turen for deg i etterkant.

Du vil til ei kvar tid ha oversikt over kva turmål du har sjekka inn på og kor mange poeng du har i appen. Dette finn du under "Min aktivitetslogg" i appen.
 

Sprek i Sunnfjord kommune si nettside

Sprek i Sunnfjord kommune si nettside vil innehalde informasjon om turmåla, kven som er med, poengstatus og alle bilda merka med #sprekisunnfjordkommune.

 

Spørsmål?

Ring Servicetorget i Førde kommune på 57 72 20 00 eller send ein e-post til sprek@forde.kommune.no

God tur!
 

Fann du det du leitte etter?