Kulturskulen

Klikk for stort bilete

Kulturskulen held i dag til i Gamlebanken, adresse Kyrkjevegen 9 i Førde sentrum mellom Coop Mega og Førde kyrkje. Frå august 2019 flyttar kulturskulen til nye, flotte lokale ved Førdehuset.

 

Vi har eit breitt spekter av undervisningstilbod. Born og unge er prioritert, men vaksne kan òg søke. Etterspørsel avgjer om undervisning skjer i Førde, Naustdal eller Gaular. Sjå nettsida til kulturskulen for å finne meir informasjon om tilboda. 

Søk om  plass på kulturskulen

Søknadsfrist er 15. mai, men det er mogleg å søke gjennom heile året. 


Bruk det elektroniske søknadsskjemaet 
 

Får du ikkje plass ved hovudopptaket, vert du sett på venteliste og får tilbod om plass straks vi har ledige plassar. 

 

Kontaktinformasjon kulturskulen

  • Rektor Trude Skarvatun, tlf. 57 61 28 10/415 05 970
  • e-post: tsk@forde.kommune.no
  • Postadresse: Førde kommune, kulturskulen, postboks 338, 6802 Førde

 

Undervisningstilbod 

Kulturskulen tilbyr inntil 38 undervisningsveker per år og har eit mangfaldig undervisningstilbod.

Sjå detaljert undervisningstilbod

 

Skulepengar per halvår

  • Instrumentalundervisning/song/visuelle kunstfag/teater: kr 1700
  • Barnegrupper/kor: kr 1400
  • Orkester/band: kr 700 (for elevar med instrumenttilbod i kulturskulen), kr 1150 (for elevar utan instrumenttilbod i kulturskulen)
  • Instrumentleige (ingen moderasjon): kr 500
  • Forbruksmateriell for visuelle kunstfag/teater: kr 300
  • Musikkbinge Førde leige: kr 575

Søskenmoderasjon 25 % frå og med born nr 2. 

 

Oppseiing av plass

Oppseiing av plass må skje skriftleg, frist 15. november for vårsemesteret og 15. mai for haustsemesteret. 

Fann du det du leitte etter?