Kommunebarometeret

Førde har i mange år hatt gode plasseringar i Kommunebarometeret, og i 2018 kom vi heilt til topps! Det betyr at vi leverer gode tenester til innbyggarane våre. 
 

Førde på førsteplass i 2018

I 2018 vart Førde kommune rangert som nummer ein i Kommunebarometeret! Det er vi svært stolte av!

Her kan du lese kva rådmann Ole John Østenstad meiner grunnane til topplasseringa er

Førde sin plassering i Kommunebarometeret

Om Kommunebarometeret

Kommunebarometeret er ei måling av alle kommunar, gjennomført av Kommunal Rapport. Dei brukar ulike nøkkeltal for å rangere kommunane frå topp til botn innan grunnskule, pleie og omsorg, barnehage, kultur, vatn og avløp, kostnadsnivå, barnevern, helse, sosial, miljø og ressursar, saksbehandling og økonomi. 

Nøkkeltala er i hovudsak henta frå Statistisk sentralbyrå sin Kostra-database. I tillegg er det henta offentleg statistikk frå ein del andre kjelder, både andre tal frå SSB, Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Norsk kulturindeks frå Telemarksforsking.

Fann du det du leitte etter?