Førehandskonferanse i byggesaker

For spørsmål om innsending av søknad og krav til dokumentasjon, kan du sjå på vår rettleiing for ulike typar tiltak, og direktoratet sin vegvisar Åtte steg frå idé til ferdig søknad 
 

Du kan òg ta kontakt med servicetorget for hjelp med å orientere deg i prosessen med byggesøknad.

For større eller meir omfattande byggesaker

kan det vere behov for ein  førehandskonferanse. Ein førehandskonferanse er eit møte mellom deg og kommunen. Du må sende inn kart, teikningar, skisser og ei beskriving av problemstillingar før møtet.

Mål med møtet er å få avklare innhald i kommunale planar og andre krav som er relevante for byggeplanane.

Typiske spørsmål kan vere:

  • uklare reguleringsføresegner
  • behov for dispensasjon
  • krav om ansvarleg føretak
  • krav om uavhengig kontroll
  • uttale frå anna myndigheit

Førehandskonferanse er ikkje ordinær saksbehandling

Førehandskonferanse må ikkje forvekslast med saksbehandling. Det vil ikkje bli tatt avgjersler som er bindande for saka vidare. Kommunen kan til dømes ikkje ta ei avgjerd på om dispensasjon kan gjevast, berre gi opplysningar om eventuelle dispensasjonar som er nødvendig for at det aktuelle tiltaket og kva reglar som gjeld for dispensasjon.

Referat

Det skal førast eit kort referat frå førehandskonferansen. Referatet skal dokumentere dei føresetnadane som er lagt til grunn i møtet og som dannar grunnlag for vidare behandling i saka. Referatet skal godkjennast og signerast av begge partar.