Mindre byggearbeid innandørs

Ein del innvendig rehabilitering treng du ikkje søke om. Dette gjeld kun for installering, endring og reparasjon av enkle installasjonar i eksisterande byggverk. Tiltaket må ikkje røre ved bærande konstruksjonar eller bryte branncelle. 

Du treng ikkje søkje om å:

  • sette opp, flytte eller rive ein ikkje-bærande vegg innafor éi branncelle.
  • Rrparere eller endre installasjonar dersom du brukar like komponentar som var der frå før.
  • skifte ut eller installere nytt utstyr på eksisterande våtrom.
  • installere ny kjøkkenventilator som ikkje koplast til ventilasjonsanlegget.
  • Iistallere kjølerom.
  • installere ny vask i eksisterande bustad som allereie har sanitæropplegg.

Du kan søkje på eiga hand dersom:

  • du skal gjere andre små endringar innandørs enn punkta nemnt ovafor.

Korleis søkje >

Du må søkje med hjelp av fagfolk dersom:

  • du skal gjere endringar i bærande konstruksjoner og/eller bryt brannceller.

Du må ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert foretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.