Bad eller kjøkken

 

Du treng ikkje søke dersom 

  • Du skal bygge, rive, endre eller reparere bad, vaskerom, kjøkken, eller enkle installasjonar i eksisterande bygg innanfor same bueining eller branncelle.
  • Du skal bygge bad eller kjøkken i nytt tilbygg der samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) ikkje er over 50 kvadratmeter og der tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig bueining.
  • Ombygging og nybygging av fleire våtrom i ulike bueiningar (t.d. i blokker) så lenge arbeidet ikkje kjem i konflikt med brannskille mellom bueiningane.

Hugs at rommet må vere godkjent for varig opphald. Om det ikkje er det, må du søke om å endre bruken av rommet.
 

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom

  • Arbeidet bryt skille mot annan bueining (brannskille, lydskille).
  • Endringar i berande vegg eller konstruksjon.
  • Du skal lage ei ny bueining med bad eller kjøkken i.
  • Du skal bygge eller rive bad i nytt tilbygg over 50 m2. For eigen bustad eller fritidseigedom gjeld reglar for sjølvbyggar.

Sjå byggesaksgebyr (PDF, 70 kB)


På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) kan du finne firma med sentral godkjenning.