Endring av fasade

Fasaden på eit bygg er ytterveggar og tak. Fasadeendring kan vere å bytte vindauge, endre kledning eller taktekking, setje inn ei ny dør eller å glasse inn balkonger. 

 

Du treng ikkje søkje dersom:

  • du skal skifte, sette inn eller fjerne vindauge eller dør så lenge fasaden ikkje endrar uttrykk
  • tiltaket ikkje er i strid med lovkrav til lys, rømming eller branntryggleik
  • du skal skifte tak, men ver klar over at det kan være søknadspliktig dersom det medfører at takkonstruksjonen vert heva/endra
     

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • bygningen sin karakter vert endra
  • fasadeendringa inneberer inngrep i bærande konstruksjonar
  • fasadeendringa inneberer inngrep i brannveggar eller andre brannsikre bygningsdelar
  • er nærare enn 4 meter frå nabogrensa
  • fasadeendringa gjer at krava til lys, rømning eller branntryggleik ikkje blir oppfylt
     

Korleis søkje? >

 

Er du i tvil, ta kontakt med oss

Om til dømes skifte av vindu i huset ditt  medfører eit anna visuelt uttrykk må vi vurdere om fasadeendringa er søknadspliktig eller ikkje.

 

Om du endrar fasaden fordi bruken av eit rom skal endrast, til dømes frå bod til soverom, må du søkje om bruksendring. Fasadeendringa vert då ein del av denne søknaden. 

 

Dersom du er i tvil, ta kontakt med kommunen. Det er betre å sjekke på førehand, enn å risikere at du gjer noko som er søknadspliktig og som det viser seg ikkje kan godkjennast.


Kva kostar det?


Byggesaksgebyr fasadeendring:

Gebyr Tiltaksklasse 1 Tiltaksklasse 2
Fasadeendring/vindauge kr 1110 kr 2220