Endre bruken av eit rom

Skal du bruke bygget eller deler av det til noko anna enn det det er godkjent til? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove? Eller vil du gjere kontor om til bustad? Då må du søkje om bruksendring.

 

Det kan vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggje. Dersom du ønskjer å bruke arealet til noko anna enn det arealplanen seier eller eigedomen er regulert til, må du òg søkje om dispensasjon. Dette kan til dømes vere bruksendring frå bustadføremål til næring. 

 

Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via kartsidene til Førde kommune eller på Servicetorget.

Du kan søkje på eiga hand dersom:

  • Du endrer rombruken frå tilleggsdel til hovuddel innafor same branncelle. (til dømes frå bod eller vaskerom til stove, soverom eller liknande) jf. byggesaksforskrifta § 3-1.
     

Slik søkjer du om byggjetiltak

Sjå byggesaksgebyr (PDF, 70 kB)
 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Du skal lage ei ny eining/leilegheit eller sekundærleilegheit for til dømes utleige.
  • Du skal bruke huset eller deler av det til noko anna enn det du gjer i dag. (Til dømes frå næringsbygg til bustad, eller frå bustad til serveringsstad eller butikk)
  • Du skal endre på bereveggar eller berande golv.
  • Du ynskjer å få godkjent ein eksisterande utleigedel som ei sjølvstendig bueining etter plan- og bygningsloven.