Praktisk bistand (heimehjelp)

Heimehjelpstenesta skal sikre brukaren praktisk bistand og bidra til at pleie og omsorgstrengjande i Førde kommune skal kunnne bu heime så lenge som mogleg.

 

Målgruppa er personar som har eit særskilt behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker.

Korleis få tenesta/saksgang?
Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Tildelingskontoret handsamar søknaden og det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon. Du kan nytte søknadsskjema om pleie og omsorgstenester i Førde kommune. Søknaden sendast til Førde kommune v/ Tildelingskontoret, pb 338, 6802 Førde

 

Søknaden vert handsama etter Lov om helse- og omsorgstjenester § 3-2 6.ledd pkt b jfr Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1a.

 

 

Kontaktinformasjon

Ved spørsmål knytt til søknad, ta kontakt med:

  • Tildelingskontoret på tlf: 57 72 20 00 mellom kl 09 -15.
     

Ved spørsmål knytt til tenestetilbodet, ta kontakt med:

  • Sentralbord heimetenesta på tlf: 57 72 21 20

 

 

 

 

Heimehjelp
Betalingssatsar 2014
Heimehjelp
NettoinntektTimesatsMakspris pr. mnd.
2 G175175
2 til 3 G1331689
3 til 4 G2112364
4 til 5 G2222590
Over 5 G2332815

 

Heimehjelp og tryggleiksalarm har eigenandel på kr 2100 kr pr år for dei med inntekt under 2 G, dvs under kr 170 490,-.
 

Publisert av Tildelingskontoret. Ansvarleg Heimetenesta. Sist endra 31.03.2014
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
kontaktperson
Telefon :
57 72 21 20
Tittel :
Tenesteleiar
Bunnhjørne
Hovudside (1)
Førde Kommune, postboks 338, Hafstadv. 42, 6802 Førde. Tlf: 57 72 20 00. Fax: 57 82 38 76 postmottak@forde.kommune.no