Barne- og familievern

Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår. Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og deira familier som bur i Førde kommune. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fyllt 23 år.

Barnevern

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding, evnt. søknad, til barneverntenesta.

Private, t.d. familie, vener og naboar, kan og melde bekymring til barnevernet.

 

 

Skjema til barnevernet

 

 

Ansvaret for barnevernet ligg til eininga Helse og barn i Førde kommune, som du treff via tlf. nr 57722130 frå kl 08.00 - 15.30.

 

Krisesituasjonar

Førde kommune har ingen vaktordning for barnevern utanom kontortid. Om det oppstår krisesituasjonar, ta kontakt med Politiet på tlf 02800.

 

Førde kommune har samarbeid og avtale med stiftinga Krisesenter i Sogn og Fjordane til kvinner, barn som er utsett for vald i nære relasjonar.

  • Døgnvakt Krisesenter: 57 74 36 00
  • Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (gratis) er ein naudtelefon for barn og unge. Der møter du vaksne som forstår korleis du har det, og som bryr seg om at du får det betre. Naudtelefonen er open når barnevernkontora er stengt. I vekedagar er den open frå kl 15.00 og til kl 08.00 neste morgon. I helgene er den open heile døgnet.

 

 

Fri rettshjelp

I følgje Lov om fri rettshjelp kan du få erstatning for bruk av advokat om du ikkje sjølv har økonomisk føresetnad for å kunne ivareta eit rettshjelpbehov.

 

Fri rettshjelp utan behovsprøving kan innvilgast i ein del tilfeller, les meir om vilkår for fritt rettsråd § 11 i Lov om fri rettshjelp.

 

Du vil t.d. ha rett til fri saksførsel om barneverntenesta vurderer omsorgsovertaking.

 

Familievern
Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebygging og oppfordrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste. 

 

Tilbodet er gratis, og du kan sjølv ta direkte kontakt med ditt næraste familievernkontor.

  • Familiekontoret i Førde held til i Storehagen Atrium, Storehagen 1 B. Kontoret dekker kommunane: Flora, Hyllestad, Askvoll, Solund, Høyanger, Balestrand, Fjaler, Jølster, Naustdal, Gulen, Gaular, Førde.
Sist endra 15.10.2013
Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Telefon :
57 72 21 30
Tittel :
Fagleiar barnevern
Bunnhjørne
Hovudside (1)
Førde Kommune, postboks 338, Hafstadv. 42, 6802 Førde. Tlf: 57 72 20 00. Fax: 57 82 38 76 postmottak@forde.kommune.no